Hopp til innhold

98 drepne etter etnisk vald i Guinea

Etter fleire dagar med etnisk vald og uro i Guinea har minst 98 menneske mista livet. Uroa har blussa opp i forkant av eit etterlengta val i landet.

GUINEA-POLITICS-VOTE-OPPOSITION-FILES

Det har lenge vore uroleg i Guinea. Her er det tilhengjarar av landets opposisjon som demonstrerer i hovudstaden Conakry 2. mai.

Foto: CELLOU BINANI / Afp

– Me er no på rundt 100 drepne. Me jobbar med å finne ut kven som har gjort kva, seier Albert Camara, som er talsperson for styresmaktene i Guinea.

Mykje våpen i omløp

131 personar skal vere arresterte etter at landets hær sendte troppar til dei urolege områda sør i landet. Fleire av dei arresterte skal ha hatt machetar, klubbar og nokon hadde også militære våpen. Det er nettopp den gode tilgangen på våpen som skal vere ein av grunnane til at konfliktar no blussar opp.

Valden i Guinea har vart i fleire dagar, og situasjonen i landet har lenge vore spent i påvente av eit nytt presidentval. Guinea har no gått utan folkevalt regjering sidan eit militært statskupp i 2008.

Skal ha roa seg att

Det er særskild mellom den kristne folkegruppa Guerze og den muslimske gruppa Konianke at det er konfliktfylt. Bråket starta i byen Koule, og har seinare spreidd seg til den nest største byen i Guinea, Nzerekore kor fleire bustader, kyrkjer og moskear er angripne.

Valdshandlingane mellom folkegruppene skal ha starta då ein Konianke-mann, skulda for å stele bensin, vart drepen av vaktar frå Guerze-gruppa.

Talsmann Camara seier at situasjonen no skal ha roa seg ned att, etter at konflikten var på sitt verste i førre veke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt