Hopp til innhold

Ebola-epidemien eksploderte gjennom«super-smittarar»

Forskarar seier at berre nokre få menneske var årsaka til dei fleste tilfella av ebola-smitte som herja vest i Afrika i 2014.

Liberia er erklært fritt for ebola etter seks uker uten nye sykdomstilfeller

Ebolaviruset førte til at svært mange døydde, her frå ein behandlingsklinikk i Liberia i september 2014.

Foto: Daniel Berehulak / New York Times / Reuters

Dei fleste som vart smitta av ebolaviruset i 2014 fekk viruset frå det forskarane kallar «supersmittarar». Det kjem fram av ein ny studie som er publisert i det vitenskaplege tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences, PNAS.

Dei sokalla «supersmittarane» utgjer berre ein liten prosent av dei som vart sjuke, men var ansvarlege for å smitte svært mange andre medan epidemien herja, skriv Al Jazeera.

Tre prosent av dei sjuke smitta 61 prosent

– Rolla til «supersmittarane» var større og meir avgjerande enn vi tidlegare har trudd, seier Benjamin Dalziel, ein av forfattarane bak rapporten.

Han seier at dei som stod bak mykje av spreiinga av viruset var hovudsakleg dei som døydde heime og som ikkje greidde å ta seg til behandlingsklinikkane.

– Det var ikkje mykje smitte som skjedde etter at folk vart innlagde på sjukehus og klinikkar, seier Dalziel. Så mange som 61 prosent av dei ebolasmitta fekk viruset frå vesle tre prosent av dei som vart råka.

Smitta familien etter døden

– Det er to faktorar som er avgjerande. Ein biologisk og ein sosial, seier John-Arne Røttingen som er områdedirektør for miljømedisin og smittevern ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Han har vore heilt sentral i arbeidet med å framstille ebolavaksinen som til no har vist seg å ha 100 prosent effekt.

– Først er det slik at ulike pasientar som har ebola i ulik grad skil ut virus. Dei fleste smittetilfella skjer mot slutten av sjukdomsperioden like før og etter døden, seier han.

Dei sokalla «supersmittarane» kan ha vore døde og omringa av familie, eller smitta i samband med gravferdsritual der familien har tatt farvel og hatt kontakt med den døde, fortel Røttingen.

ebola-vaksine

Noreg var sentrale i utviklinga av ebolavaksinen som kan bli tilgjengeleg i 2018.

Foto: Leger Uten Grenser

– Vaksinen er klar

Då epidemien herja i 2014, førte ei handfull smitta sør i Guinea til at epidemien eksploderte i nabolanda. Dei to følgande åra vart meir enn 28 000 sjuke, hovudsakleg i Liberia, Guinea og Sierra Leone. Over 11 300 døydde.

Røttingen og kollegaer var raskt ute med å finne ein vaksine då ebolaepidemien var eit faktum. Han har tidlegare vore kritisk til at Verdas helseorganisasjon (WHO) ikkje reagerte tidlegare, og har sagt at vaksinen som no viser seg å vere effektiv kunne ha vore ferdig fleire månader tidlegare.

– Vaksinen er framleis ikkje formelt godkjent av WHO, men eg ventar at den blir det i løpet av 2017. Men dersom det hadde komme eit nytt utbrot no så hadde den nok blitt brukt i områda med smitte, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt