Erdogan sa dette til TV-stasjonen Haber søndag kveld. Han gjorde det klart at dette kan skje dersom USA innfører sanksjonar mot landet. Tyrkia har også uttrykt sterk misnøye med ein resolusjon i Senatet i det amerikanske parlamentet, som stempla drapa på armenarar for 100 år sidan for folkemord.
- Vil du ha ukesbrevet til Urix? Klikk her
– Dersom det skulle bli naudsynt å gå til eit slikt steg, og hugs at vi har rett til å gjere det, så vil vi stengje Incirlik, sa Erdogan blant anna i talen. Han la til at det også kan bli aktuelt å stengje ned radarbasen Kurecik, som også er viktig for USA.
Folkemord på armenarar
Tyrkia har akseptert at 400.000 armenarar miste livet under første verdskrigen, men tyrkiske styresmakter hevdar at dette skjedde som følgje av i hovudsak sjukdom og svolt. I resolusjonen frå Senatet heiter det at 1,5 millionar armenarar i perioden 1915 til 1917 vart utsette for eit tyrkisk folkemord.
– Om USA truar oss med å innføre sanksjonar mot oss, då skal dei vite at vi kjem til å gjennomføre mottiltak, sa presidenten. Han la til at det er svært viktig for begge sider at USA ikkje tek uopprettelege steg når det gjeld forholdet til Tyrkia.
Erdogan sa også at Tyrkia vil vurdere å vedta ein resolusjon der drapa på amerikanske urinnbyggjarar opp gjennom åra, blir karakteriserte som folkemord.
Internt i USA har det
til den viktige Incirlik-basen,Kraftig kritikk av Tyrkia
USA har dei siste månadene kome med kraftig kritikk av Tyrkia, ikkje minst etter at landet sende soldatar inn i det nordlege Syria for å opprette ei buffersone. Erdogan har fleire gonger sagt at han ikkje vil godta at Nato-allierte ikkje stiller seg bak den tyrkiske politikken.
Til europeiske Nato-land har han sagt at Tyrkia kan kome til å opne grensene slik at migrantar som ynskjer seg til Vest-Europa fritt kan reise frå landet. Og no blir USA trua med at den viktigaste flybasen deira i Midtausten skal bli stengt.
Tyrkia har dei siste dagane også trua med å sende soldatar til Libya for å hjelpe den internasjonalt godkjende regjeringa der i kampane mot opprørsgeneralen Khalifa Haftar. Haftar har gitt soldatane sine ordre om å gå inn i hovudstaden Tripoli for å styrte regjeringa der.