Dette blir den sjiamuslimske politikaren sin andre periode i statsministerestolen.
Godkjenninga av Maliki kjem etter ni månader med politisk stillstand og taudraging i Irak, der representantane i parlamentet ikkje har greidd å bli samde om ei ny regjering.
Ingen av partia fekk fleirtal ved valet i mars, og valet viste tydeleg dei djupe politiske, religiøse og geografiske skillelinene i irakisk politikk.
Maliki la i dag fram eit program på 43 punkt som regjeringserklæring, der liberalisering av økonomien og kamp mot terrorisme er viktige berebjelkar.
Ved valet i mars blei blokka til tidlegare statsminister Iyad Allawi største i det nye parlamentet med 91 av i alt 325 plassar. Blokka til Maliki fekk 89 plassar, og begge var avhengige av støtte frå andre grupper for å kunne danne regjering.
Begge gruppene prøvde, men det kom ikkje til noko gjennombrot før det vart semje om eit program for maktdeling i november. Dette opna vegen for ei ny regjering leidd av Nuri al-Maliki.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: