Hopp til innhold

Ein emneknagg skal redde Afrikas største økonomi

#BuyNaija er emneknaggen som skal få folk i Nigeria til å handle lokale varer. Ein oljeøkonomi i vanskar og subsidierte importvarer skaper trøbbel i Afrikas største økonomi.

NIGERIA-TOMATO/PRODUCTION Customers shop at a tomato market in Enugu

Full rulle på ein marknad i Enugu i Nigeria. No vil nigerianske styresmakter at folk skal kjøpe meir lokalt for å styrke den lokale valutaen.

Foto: STRINGER / Reuters

Med oljeprisar under 33 dollar fatet har Afrikas største økonomi problem. Nigeria tener vanlegvis store pengar på oljeproduksjon, og med fallande oljeprisar har også valutaen, nairaen, falt.

Stor kampanje

Dette har ført til at Nigeria har ført inn restriksjonar på valutahandel, noko som har gått hardt utover små bedrifter, og som har fått prisane på importerte varer til å stige.

Difor er det no sett i gang ein stor kampanje i sosiale medium der emneknaggen #BuyNaija skal bidra til at fleire nigerianske varer vert selde i butikkane. Ordet Naija er eit anna ord for Nigeria.

Laster Twitter-innhold

– Finnes ikkje nigerianske varer

Men det er likevel ikkje så enkelt at ein berre kan gå ut og kjøpe nigerianske varer. Ein kaféeigar seier til avisa The Guardian at han ikkje kan finne nigerianske varer, fordi dei rett og slett ikkje eksisterer.

NIGERIA/ Man arranges fruits in a wheelbarrow along a flooded street in Lagos

Ein mann ordnar litt på frukten som han har på tralla ein regnfull dag i Lagos i Nigeria.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

– Sett bort frå øl og brus, så vert alt meir og meir dyrare. Teen vår kaffien, vinen, så mange av varene våre er importerte, fortel Minas Mastrogiannis.

Han bruker no 50 prosent meir på utgifter til import enn det han gjorde før, men så lenge det ikkje finst nigerianske versjonar av varene han treng, så er det ikkje så mykje ein kan gjere.

Fleire er no oppgitte over den økonomiske politikken til nigerianske styresmakter.

– Dei seier til oss at me ikkje skal importere, utan at dei legg til rette for at me kan ha ein god marknad, og dei veit samstundes at Nigeria er ein svak produsent av varer, seier Onaola Ajayi, som driv eit tryggingsfirma i Lagos.

Laster Twitter-innhold

Få fabrikkar og for lite jordbruk

Fleire økonomiekspertar peiker no til paradokset det er at Nigeria ikkje klarer å drive jordbruk på ein måte som gjer landet sjølvforsynt. Kvart år bruker Nigeria 43 milliardar på å importere mat, skriv The Guardian, men samstundes står store område brakke.

NIGERIA-OIL/DECAY

Det er ikkje mangel på råvarer i Nigeria, men landet slit med å gjere råvarene om til andre type varer.

Foto: STR / REUTERS

Tomatdyrking vert brukt som eit døme. Sjølv om Nigeria produserer 1,5 millionar tonn med tomatar årleg, så bruker dei over 3 milliardar på å importere tomatpurè og andre tomatprodukt frå Asia og Europa.

Med andre ord er det ein stor mangel på fabrikkar for at landa skal kunne utnytte sine eigne produkt, slik at det til slutt hamnar hos kunden.

Og med den fallande oljeprisen, og mangelen på fabrikkar i Nigeria, så går landet ei usikker framtid i møte.

SISTE NYTT

Siste nytt