Eg står med ein fot i kvar leir.
Journalistfoten står midt i kaoset i Hongkong, der ungdommar ned i tolvårsalderen har beleira seg på innsida av eit universitet, og møter tåregass og gummikuler med brannbomber og pil og bue.
- Vil du ha ukesbrevet til Urix? Klikk her
Den andre foten vil tilbake til Beijing, til mitt eige barn, som fyller tolv år, og ønskjer seg ein heilt vanleg bursdag med kake, gåver og song.
TÅREGASS: NRKs Kjersti Strømmen og fotograf Fang Yongbin jobber under tåregass-åtak i Hongkong
Foto: NRKEit vitne
Eg spør henne på telefon om det er viktig at eg er der når ho vaknar til bursdagen, eller om ho like gjerne vil at eg hentar henne på skulen.
Då kan eg ta eit seinare fly, og få gjort meir. Då kan eg vera vitne, berre enda litt meir, til korleis dette ufattelege slaget skal enda.
Spørsmålet provoserer sjølvsagt, og det er heilt unødvendig. Eg veit allereie svaret, både i mitt eige hjarta og i hennar.
Sjølvsagt skal eg vere der når dagen gryr og denne vedunderlege personen slår auga opp til tolv brennande ljos i vintermørket.
Det skjer ikkje kvar dag. Det skjer faktisk aldri igjen.
RAPPORTERER: NRK var denne veka på innsida av Polytech-universitetet, som var okkupert av demonstrantar
Foto: NRKSkjelvande pust
Samstundes står fortvilte foreldre på utsida av Polytech-universitetet i Hongkong med skjelvande pust, og tryglar styresmaktene om å visa barna deira nåde.
Dei har sett flammane stiga opp frå ungdommane sin leir, og dei har kjent tåregassen som politiet pøser på med, gjennom dagar og netter.
I Hongkong møter eg ei mor, som veit godt korleis det kjenst. Ho gret gjennom heile intervjuet.
Det er reine flaksen at ho akkurat denne veka har guten sin heime.
Han er 17 år og kallar seg «David». Denne gongen er han ikkje ute der slaget står. Han er ikkje på det barrikaderte universitetet som er blitt omringa av politi, men til vanleg er han aktiv i protestane.
UROLEG: Mora er alltid uroleg for kva som skal henda sonen under demonstrasjonane
Foto: Kjersti Strømmen / NRKJerngrep
Mora fortel at ho alltid følgjer med på direkte-tv når sonen er ute og demonstrerer. For nokre veker sidan såg ho han brått der, på fjernsynsskjermen, lagt i bakken av politiet.
Dei haldt han i eit jerngrep. Ho blei så redd at ho heller ikkje no klarer å setja ord på kjensla.
Ho sende ut dottera, som er eldre enn sonen, for å finna guten. Dottera leita og leita til ho blei heilt utmatta, og nokre tilfeldige menneske måtte ta vare på henne.
Endeleg, fire timar seinare, ringde telefonen og mora høyrde «David» sin stemme. Ho tenkte ikkje på kva han hadde gjort, kor han hadde vore. Berre at han var trygg.
Han var ikkje forsvunnen, han var ikkje død. Han var i live, og det var det einaste som var viktig.
PANIKK: Mora til 17 år gamle «David» såg sonen bli lagt i bakken på direktesendt fjernsyn
Foto: Kjersti Strømmen / NRKNo ser ho ikkje på direktesendingar lengre. Kvar gong sonen tar på seg den svarte t-skjorta blir ho nervøs. Ho vil at han skal ta sine eigne avgjersler, men ho er alltid engsteleg.
– Andre foreldre har det vel også slik no for tida. At når det ringer på døra, så blir dei nervøse, seier ho.
Konflikt
I hennar auge har David alltid vore ein god gut. Går det an å seia at dei ikkje er fine ungdommar, desse gutane og jentene som kjemper for samfunnet vårt, spør ho, retorisk.
Denne mora støtter opp om protestane, men skulle ønska det ikkje var nødvendig for ungdommen å stå på barrikadane.
Andre foreldre har kasta barna sine ut av huset om dei ikkje held seg heime, i ein konflikt som splittar familiar, vener og arbeidsplassar.
Sonen hadde tenkt å studera i utlandet, men etter at han blei arrestert er det truleg ikkje lenger mogleg. Han meiner det er eit offer han gjerne tar for Hongkongs framtid.
RISIKERER FENGSEL: «David» er ute av varetekt, men risikerer fengsel om han blir dømd for opptøyer
Foto: Kjersti Strømmen / NRK17-åringen meiner at han ikkje vil vera så sjølvsentrert at han set si eiga framtid først. Han skal nok overleva også om han hamnar i fengsel og kjem ut igjen. Eg undrar meg på kva ti år bak murane kan gjera med denne ungdommen.
Uovervinnelege
Han fortel at han har to sterke kjensler. Den eine er håpløyse. Den andre er sinne.
Som mange andre blant demonstrantane meiner han at politiet er langt meir brutale enn dei treng å væra, og at politiet difor har ansvaret for at konflikten er trappa opp.
Når folk seier til han at politiet berre gjer jobben sin, blir han rasande, og vil ikkje lenger ha vener med slike meiningar.
Eg, journalisten, kjenner meg trist når eg ser desse unge stå på barrikadane, med gassmasker og vernebriller.
PIL OG BUE: Demonstrantene har tatt i bruk heimelaga bomber og pil og bue
Foto: Kjersti Strømmen / NRKDei kjenner seg kanskje uovervinnelege når dei går til åtak på t-banestasjonar og set fyr på gatene, men eg har også sett dei så uendeleg sårbare.
Med skjelvande stemmer seier dei seg villige til å døy for det dei trur på.
Revolusjon
Dei meiner at dei står overfor eit historisk vendepunkt og at den framtida dei vil ha er borte for alltid, om dei ikkje vinn akkurat dette slaget.
Dei seier dei står på barrikadane for ytringsfridomen. Med ungdommeleg overmot ropar dei slagord om revolusjon i si tid.
BARRIKADE: Demonstrantar bygger barrikader på innsida av Polytech-universitetet
Foto: Kjersti Strømmen / NRKStyresmaktene og politiet er blitt fienden. Dei snakkar om krig. Og det liknar meir og meir på det.
Demonstrantane har brote seg inn i rom på fleire universitet der kjemikaliar blir oppbevarte, og dei lager sine eigne bomber.
Politiet hevdar at universiteta er blitt ein våpenfabrikk og ei vogge for kriminelle.
På kort tid er ein stor del av Hongkongs ungdommar blitt radikaliserte. Det har skjedd på eit halvt år. Og det handlar ikkje om ei handfull. Dei er mange.
Martyrar
Ikkje alle står i fronten og kastar brannbomber på politiet. Mange held seg i bakgrunnen, men stiller seg opp i gatene, hand i hand i sine ungdomsskule-uniformar, og med tildekte andlet.
Dei veit at kampen deira er ein oppoverbakke. Likevel vil dei ropa ut sine krav. Dei kan ikkje drepa oss alle, seier dei, og risikerer å bli martyrar for eit slag dei neppe kan vinna.
Det ligg i ungdommens natur å krevja endring, men no yppar dei ikkje berre mot styresmaktene i Hongkong. Dei provoserer eit mektig Kina, eit regime med andre leveregler enn ytringsfridom og frie val.
ARRESTERT: Ho er berre 16 år men er blitt arrestert i protestane og må no rapportera hos politiet kvar veke og halda seg inne etter midnatt.
Foto: Kjersti Strømmen / NRK«Alexis» er namnet ei 16 år gamal jente gøymer seg bak.
Ho risikerer 10 år i fengsel for opptøyar. Ho har kjempa heilt i fronten mot politiet, men meiner at det var uflaks at ho blei arrestert. Ho fekk panikk, men blei også både sint og redd.
Ho tenkte på sjølvmord. Så vurderte ho å stela politiet sitt våpen og skyta mot dei.
HEIMEBANE: «Alexis» sjekkar nettet for korleis det går med protestane medan faren lagar middag
Foto: Kjersti Strømmen / NRKKausjon
«Alexis» hadde høyrd rykte om at jenter som blir arresterte blir plasserte i varetekt saman med menn som valdtar unge kvinner.
Ho prøvde å rømma, men då slo politiet henne med ei kølle tre gonger.
Til hennar store overrasking fekk ho dra frå politistasjonen mot ein kausjon på ni tusen norske kroner.
No har ho konkludert med at slett ikkje alle politifolk er brutale, men viser grunnleggande respekt.
LUKKE TIL: Faren til 16 år gamle «Alexis» får ikkje overtalt dottera til å halda seg unna protestane
Foto: Kjersti Strømmen / NRKFaren seier han ikkje er samd i at ho tar del i protestar som kan bli til farlege situasjonar, men han kan ikkje tvinga henne til å halda seg heime.
Han kan ikkje binda henne fast. Og sjølv om han hadde vore villig til å gjera det, så kan han ikkje tøyma meiningane hennar.
Dottera har ikkje mange vener. Ho har psykiske utfordringar og er for det meste åleine. Faren har sett at det gir henne mot og livsgnist å ta del i demonstrasjonane.
Fellesskap
Akkurat slik opplever eg også mange av ungdommane som denne veka har barrikadert seg på innsida av Polytech-universitetet.
Dei har funne eit fellesskap i det som er blitt ei rørsle. Både «David» og «Alexis» kallar det ei politisk oppvakning.
Alexis fortel at ho tidligare har kjent seg tom og at livet hennar var utan meining. Når ho tar del i protestane opplever ho at ho er verdifull, at ho spelar ei rolle i samfunnet.
ENGASJERT: 16-åringen har byrja interessert seg for politikk og meiner ho no kan gjera samfunnet nytte, med å demonstrera
Foto: Kjersti Strømmen / NRKUnder demonstrasjonane blir ho kjent med mange andre. Dei arbeider saman. Dei kjempar saman. Det gir henne ei kjensle av å høyra til.
Og berre det skaper eit flammande engasjement.
Tilbake i Beijing listar eg meg inn i mørkret og vekker min tolvåring med kake og ljos.
Eg ser dei gnistrande og forventingsfulle auga hennar, og vonar for all framtid at denne ungdommen aldri må føla seg tvungen til å stå på ein brennande barrikade.
BURSDAG: Brennande ljos på ei bursdagskake og forventningar om ei framtid utan barrikader.
Foto: Kjersti Strømmen / NRK