Hopp til innhold

Noreg droppar EU-samarbeid om miljøovervaking

Noreg trekkjer seg frå det største europeiske samarbeidet om miljøovervaking. – Dette er flaut, seier sjefen for Norsk Romsenter.

Administrerande direktør Bo N. Andersen ved Norsk Romsenter

– Dette er flaut. Administrerande direktør for Norsk Romsenter, Bo N. Andersen reagerer kraftig på at regjeringa vil hoppe av det største europeiske samarbeidet om miljøovervaking.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eit samla storting sa i fjor ja til at Noreg skulle vere med i EU sitt store prosjekt Copernicus om overvaking frå satellitt. No seier regjeringa nei.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa at Noreg ikkje skal delta vidare i Copernicus-programmet.

– Dette er svært overraskande, seier administrerande direktør for Norsk Romsenter, Bo N. Andersen.

Negativt for forsking og næringsliv

– Dei viktigaste konsekvensane vil bli at Noreg ikkje kjem til å ha like god overvaking av dei store havområda våre. Ikkje minst er dette viktig for områda ved Svalbard både med tanke på is, olje, fiske og annan aktivitet, meiner Andersen.

Han trur konsekvensane kan bli store både for forskingsmiljøa og næringslivet.

– Norske bedrifter og forskingsinstitusjonar vil ikkje vere like attraktive som samarbeidspartnarar når Noreg hoppar av, ifølgje Andersen.

– Norske fagmiljø er blitt ganske sterke på ein del område som er knytt til overvaking av luft, is og hav. Desse miljøa vil sannsynlegvis få færre oppdrag og mindre samarbeid med sine europeiske partnarar, legg direktøren i Norsk Romsenter til.

Den første satellitten i Copernicus-prosjektet, Sentinel-1, blei skoten opp frå romfartssenteret i Fransk Guyana 3. april. Tidleg i oktober var satellitten i full drift.

Miljøsatelitt

Sentinel-1 tek bilete uavhengig av verforhold og om det er dag eller natt. Det kjem til nytte når polarområda skal fotograferast.

Foto: ATG medialab

Kan misse kontrakt

Data frå Copernicus-satellittane blir henta ned til bakkestasjonen SvalSat på Svalbard. Rolf Skatteboe er administrerande direktør for Kongsberg Satellite Services, som driv stasjonen.

– Eg synest det vi ser i statsbudsjettet er merkeleg i og med at Copernicus er eit program som vil dekkje fleire av dei viktigaste norske satsingsområda no – ei aktiv overvaking i nordområda. Det er eit bidrag til klima- og miljøovervaking, der Noreg ønskjer å ha ein aktiv profil. Copernicus er eit innovasjonsprogram som vil gje norske industribedrifter og forskingsinstitusjonar spennande utfordringar framover, seier Skatteboe.

Han er redd at SvalSat no kan misse kontrakten dei har, og tape rundt 750 millionar kroner fram til 2020.

Satelittovervåking

Data frå Copernicus-satellittane blir henta ned til SvalSat på Svalbard. Administrerande direktør i Kongsberg Satellite Services (KSAT), Rolf Skatteboe, er redd for at dei skal misse kontrakten.

Foto: Eivind Molde / NRK

Dårleg tilgang til data

Sjølv om data skal vere tilgjengelege for alle, fryktar Bo N. Andersen at tilgangen på data vil bli dårlegare når Noreg ikkje er med på å betale for tenestene.

– Vi vil ikkje kunne bestemme at det skal gjerast opptak over våre område, regionar som vi er spesielt interesserte i. Vi vil ikkje kunne bruke satellittdata i sanntidsmålingar som er heilt avgjerande dersom ein skal ha ei effektiv overvaking av til dømes havområda våre, seier han.

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) i Nærings- og fiskeridepartementet vedgår at det kan bli slik.

– Vi vil ikkje på same måte kunne påverke programmet – det er ein konsekvens av at vi ikkje deltek. Men slik er det når ein må velje å prioritere mellom ulike gode formål. Då er det noko som ikkje når opp i prioriteringa.

– Forsvarleg å kutte samarbeidet

Det vil koste rundt ein milliard kroner for den norske staten å delta i Copernicus-samarbeidet i åra fram til 2020.

Statssekretær og Høgre-politikar Hiim meiner det er forsvarleg å kutte dette samarbeidet all den tid Noreg i budsjettet bruker pengar på mange andre prosjekt innan europeisk romverksemd.

– Vi ser at det får nokre konsekvensar å ikkje vere med i dette samarbeidet, men vi meiner at den totale næringsretta forskinga og satsinga på innovasjon i budsjettet er god, også for norsk romindustri og for heile næringslivet, seier han.

Førebyggjer naturkatastrofar

Satellittane i Copernicus-programmet er ikkje berre viktige for miljøovervaking i nordområda. Dei leverer også data som er med på å førebyggje naturkatastrofar her i landet.

Noregs geologiske undersøking (NGU) har ansvar for å kartleggje område som er utsette for fjellskred. No planlegg dei å trappe opp denne verksemda – ved hjelp av dei nye satellittane.

Øystein Nordgulen er avdelingsdirektør i NGU

Den usikre situasjonen vi har no, gjer det vanskeleg å planleggje på den måten vi gjerne ville. Det vil bli vanskeleg for oss å gjere ein best mogeleg jobb for å sikre tryggleiken til folk, og å sikre infrastrukturen i heile landet, seier avdelingsdirektør Øystein Nordgulen i NGU.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Vi har lagt opp til å bruke Copernicus-satellittane for at vi i åra framover skal kunne få tilgang til data frå heile fastlands-Noreg, fortel avdelingsdirektør i NGU Øystein Nordgulen.

Forslaget til statsbudsjett får han til å frykte at satellittane ikkje vil samle inn og tilby data frå dei områda som NGU har behov for, så lenge Noreg ikkje er med på å betale for tenestene.

– Den usikre situasjonen vi har no, gjer det vanskeleg å planleggje på den måten vi gjerne vil. Det vil bli vanskeleg for oss å gjere ein best mogeleg jobb for å sikre tryggleiken til folk, og å sikre infrastrukturen i heile landet, seier Nordgulen.

– Er flaut

Bo N. Andersen i Norsk Romsenter har møtt sterke reaksjonar internasjonalt etter at det blei kjent at regjeringa vil droppe det europeiske miljøovervakings-samarbeidet.

– I Europa er folk ganske sjokkerte. Noreg er det landet som dei vurderer har mest nytte av Copernicus, som har kome lengst i å bruke dette operativt – og som samstundes er det rikaste landet i Europa. Derfor er dei sjokkerte over at vi ikkje vil vere med på å betale vår del av «gildet».

Kva synest du sjølv, om du skal seie di ærlege meining?

– Eg synst det er litt flaut, eg gjer det. Toget går no. Vi vil altså ikkje vere med i det største miljøovervakingsprogrammet i Europa, svarar ein skuffa Andersen.

No har han skrive brev til Nærings- og fiskeridepartementet.

– Vår oppgåve er å gje regjeringa råd. Vi ber om at dei revurderer forslaget, seier direktøren for Norsk Romsenter.

SISTE NYTT

Siste nytt