Hopp til innhold

Dramatisk bankran over

Ranarane som sidan måndag har halde rundt 30 gislar i Venezuela, forlet tysdag banken saman med fem gislar.

Bilete frå gisseldramaet i Venezuela.
Foto: JUAN BARRETO / AFP

Både ranarane og dei fem gislane forsvann i ein ambulanse som køyrde vekk frå staden,

På førehand var det gjort ein avtale om dette, og guvernør Eduardo Manuitt sa at ranarane ikkje ville verta forfylgde.

Seinare på kvelden, like før midnatt norsk tid, overgav dei fire ranarane seg og sette dei resterande gislane fri.  

Ranarane reiste frå dei andre gislane i banken, og dei vart med det sette fri.

Heldt 30 gislar i to døger

Det var godt inne i det andre døgeret etter at dei gjekk til aksjon, at det skjedde ei endring i situasjonen. Ranarane heldt rundt 30 gislar, og mellom gislane var det ei gravid kvinne og fleire born.

– Dersom dei drep oss, kjem me til å drepe ein masse folk, sa ein av ranarane tysdag. Han kalla seg Jorge og hevda å vera 26 år gamal.

– Alt gjekk feil, la han til i eit intervju med radiostasjonen Caracol i nabolandet Colombia. Han hevda òg at dei helst ville koma seg unna utan å måtta såra nokon.

Starta måndag

Gisseldramaet starta måndag, då fire væpna ranarar storma inn i ein bank i Altagracia de Orituco i delstaten Guarico.

Folk samla seg utanfor banken.
Foto: JUAN BARRETO / AFP

Alarmen gjekk, og då politiet omringa bygningen tok ranarane alle som var seg i banken som gislar. Fleire hundre politifolk skal vera sette inn.

Seks av gislane vart sleppte fri alt dei fyrsate timane etter gisseltakinga. Det vart skote mot ei tryggingsvakt då han flykta ut av lokalet, men han kom uskadd frå hendinga.

Fleire hundre menneske ohadde samla seg utanfor lokala til Banco Provincial, der venta dei på at gislane skulle sleppast fri.

Les òg: Gisseldrama i bank

SISTE NYTT

Siste nytt