Hopp til innhold

Donald Trump tek malariamedisin for å unngå å bli sjuk av korona

President Donald Trump seier han har teke malariamedisinen hydroxyklorokin for unngå symptom om han skulle bli smitta av koronaviruset.

Trump om testing i USA 11.05.20

President Donald Trump seier han tek malariamedisin for å unngå symptom dersom han skulle bli smitta av koronaviruset. Her frå ein pressekonferanse 11. mai.

Foto: KEVIN LAMARQUE

I eit pressemøte måndag fortalde Trump at han hadde teke medisinen og eit sinktilskot dagleg i om lag halvannan veke. Han seier han også blir testa dagleg for covid-19, og at han ikkje har hatt symptom.

Trump sa at legen hans ikkje hadde råda han til å ta medisinen, men at han sjølv hadde bede om å få han.

– Eg tek det fordi eg meiner det er bra, sa han ifølge nyheitsbyrået AP.

Trump-administrasjonen godkjente tidlegare i år at legar kunne skrive ut resept på legemiddelet til behandling av covid-19.

Uviss effekt

Det er ikkje stadfesta vitskapleg at medisinen har effekt på koronaviruset, men det er gjort fleire forsøk i blant anna Kina og Frankrike. Men dei fyller ikkje dei strenge krava som blir stilt til utprøving av legemiddel.

Forsøka viser at klorokin saman med antibiotika kan redusere virusnivået hos pasientar som har viruset.

Hydroxyklorokin er ein eldre malariamedisin som i dag blant anna blir brukt mot autoimmune sjukdommar.

Biverknader

I april åtvara amerikanske helsestyresmakter mot å bruke medisinen utan kontroll på grunn av dei alvorlege biverknadane han kan gi. Brukarar har rapportert om problem med hjarterytmen og enkelte dødsfall, melder AP.

Trump seier han ikkje har merka noko til biverknadane så langt.

– Så langt verkar alt OK.

Minst to tilsette i Det kvite hus har testa positivt for koronaviruset i mai. Det har ført til at det er innført krav om munnbind og dagleg testing av presidenten, visepresidenten og dei som dei er i kontakt med.

SISTE NYTT

Siste nytt