President Trump: Kina kunne ha stoppa viruset

Heile verda lid fordi Kina ikkje stoppa spreiinga av koronaviruset, hevdar den amerikanske presidenten. Beijing meiner slik kritikk er politisk motivert.

Donald Trump
Foto: MANDEL NGAN / AFP/NTB Scanpix

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Vi gjer ei veldig seriøs etterforsking, seier Donald Trump på ein pressekonferanse natt til tysdag.

Han snakkar om Kina. I lang tid har presidenten omtalt koronaviruset som «Kina-viruset», og legg skylda på Kina for at viruset har oppstått.

No utvidar han kritikken mot Kina, og hevdar at dei ikkje gjorde nok for å hindre spreiinga til resten av verda.

– Det kunne ha vorte gjort på ein annan måte, men det ser ut til at nokon bestemte at dei ikkje ville gjere det slik. Og heile verda lid på grunn av det, uttaler Trump.

Kunne ha vorte stoppa raskt

Ifølge Trump driv altså USA med ei etterforsking av korleis Kina har handtert virusutbrotet.

Den amerikanske presidenten synest den dårlege handteringa til Kina har kosta altfor mykje.

– Det har vore så mange unødvendige dødsfall her i landet. Det kunne ha vorte stoppa, og det kunne ha vorte stoppa raskt, seier Trump.

Mike Pence

Trump inviterte fleire næringslivstoppar og visepresident Mike Pence til å skryte av testkapasiteten i USA på pressekonferansen i natt.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP/NTB Scanpix

– Stemmesanking

Kina har fleire gonger tidlegare svart på USAs kritikk av landet si handtering av koronautbrotet, og meiner at det er openbert at kritikken er politisk motivert.

– Vi er sterkt imot at nokre menneske i USA søker å sanke stemmer og undergrave Kinas interesser, ved å drive skittkasting mot Kina, i samanheng med pandemien og det amerikanske presidentvalet, sa talsperson i Kinas utanriksdepartement, Geng Shuang, på ei pressekonferanse mandag.

Kina meiner at leiinga i USA prøver å få bort merksemda frå si eiga dårlege handtering av pandemien, ved å skulde på Kina.

Styresmaktene i Beijing hevdar også at det ikkje er sikkert at koronaviruset kjem frå Kina, sjølv om det først blei oppdaga der, og meiner at Kina har gjort ei sterk innsats for å hjelpa verda med informasjon og hjelp i kampen mot Covid-19.

– I denne prosessen har Kina samla verdifull erfaring og gitt viktige bidrag til den globale kampen, som det internasjonale samfunnet er blitt vitne til og har applaudert, seier Geng.

På spørsmål om Kina vil støtte ei internasjonal gransking av korleis det først dukka opp der, svarer Geng dette:

– Som me har sagt igjen og igjen, er opphavet til det nye koronaviruset ei komplisert vitskapleg sak som må bli studert av forskarar og vitskaplege ekspertar. Nokre politikarar prøver å manøvrere politisk over opphavet til viruset for å rakke ned på andre land, men dei vil aldri lukkast med slike upopulære forsøk.

USA på betringas veg

USAs president held fast på at måten han sjølv har handtert situasjonen på er den beste. Og held fram med skrytet av sitt eige arbeid. Han seier at i USA går det bra, eller er i ferd med å gå betre, i alle delar av landet.

Til pressekonferansen i natt hadde han også invitert med seg fleire næringslivstoppar som også skrytte av arbeidet hans.

Dei fekk komme opp på talarstolen, ein etter ein, og seie kor fantastisk jobb som er gjort i USA for å auke testkapasiteten for koronaviruset.

Også visepresident Mike Pence var til stades, og fekk beskjed av Trump om å komme opp da han fekk spørsmål om dei verkeleg hadde god nok testkapasitet, trass i at dei har auka den.

– Eg håpar dei som ser på er like stolte som oss. Vi har no testa 5,4 millionar, og vi har klart å teste heile 200.000 på berre éin dag, seier Pence.

Status Norge

Sist oppdatert: 02.06.2020
8446
Smittet
32
Innlagt
236
Døde

SISTE NYTT

Siste nytt