Hopp til innhold

Dommar krev bevis på valjuks i USA

Republikanarane har frist til fredag med å kome med bevisa dei har om valjuks med poststemmer. Det har ein dommar bestemt.

R2VRNT_lfxI

President Donald Trump meiner poststemming skal føre til meir valjuks under presidentvalet i november. Ein dommar har no gjeve Republikanarane frist til fredag med å kome med bevis for at det er sannsynleg.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

På grunn av pandemien er det venta at mange amerikanarar vil bruke posten når dei skal stemme i presidentvalet i november.

Men president Donald Trump har fleire gongar sagt at han fryktar meir stemmejuks ved poststemming, og at det vil føre til «det mest unøyaktige og svikefulle valresultatet i historia».

Demokratane har kravd å få dokumentasjon som viser at poststemmer fører til meir juks. Men det har Republikanarane avvist.

No har ein føderal dommar i Pennsylvania sagt at Trump og Republikanarane har frist til fredag med å komme med bevis, skriv CNN.

Avviser juks

Frykta for valjuks har gjort at Trump også har opna for å utsette presidentvalet til koronakrisa er over. Men forslaget har møtt motstand, også frå republikanarar i Kongressen.

Valforskarar har også avvist samanhengen mellom stemmegjeving per post og valjuks, skriv BBC.

Det har vore enkelte saker med valjuks i amerikansk politikk dei siste åra, men dette er sjeldne eksempel.

Ifølge ei undersøking frå i 2017 utgjer stemmejuks i amerikanske val mellom 0,00004 prosent og 0,00009 prosent av stemmene.

Laster Twitter-innhold

Vil ikkje hjelpe posten

Lite pengar og omorganiseringar har ført til at posten hopar seg opp i USA. Mange amerikanarar har klaga på at dei må vente i dagar og veker på pakkar og brev.

No er det også planar om nedskjeringar og nedlegging av postkontor. Samtidig skal dei handtere ei kraftig auke av poststemmer.

Medarbeider med poststemmer i USA

Planlagde omorganiseringar og lite pengar gjer at posten hopar seg opp i USA. No kan pandemien også gi ein stor auke i avlagde poststemmer til hausten. Her er ein tilsett i posten som trillar eit stativ med poststemmer etter primærvalet i Washington i august.

Foto: Ted S. Warren / AP

Demokratane har foreslått at posten, som ein del av ein krisepakke, skal få meir pengar. Men det blir blankt avvist av presidenten.

– Dei treng pengane for at postkontora skal fungere og ta unna millionar av stemmesetlar. Dersom dei ikkje får det, kan vi ikkje ha generell stemmegjeving via posten, sa Trump i eit intervju med Fox Business Network.

Demokratanes presidentkandidat, Joe Biden, meiner dette viser at Trump prøver å sabotere valet.

– Rein Trump. Han ønsker ikkje val, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt