Hopp til innhold

Dømd til fem års fengsel i Iran - ektemannen forstår ingenting

Ei britisk kvinne med iransk bakgrunn er dømd til fem års fengsel av ein revolusjonsdomstol i Iran, skulda for å ville styrte det sitjande regimet i landet. Ektemannen heime i London stiller seg uforståande til dommen.

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og dottera Gabriella.

Nazanin Zaghari-Ratcliffe og dottera Gabriella fotograferte før dei reiste til Iran på ferie.

Foto: HANDOUT / Afp

Nazanin Zaghari-Ratcliffe, som jobbar for bistandsorganisasjonen Thomson Reuters Foundations, vart arrestert i Teheran i april i år, då ho var på ferie i Iran saman med den vesle dottera si, Gabriella.

Dei hadde vitja foreldra til den 37 år gamle kvinna, som bur i Teheran. Jenta vart overlaten til besteforeldra då mora vart arrestert.

– Nettbasert medieprosjekt

Ektemannen Richard Ratcliffe, som er i London, seier at tiltalen mot kona ikkje er offentleggjort, og at han ikkje veit kva konkrete lovbrot ho skal ha gjort seg skuldig i.

Han fortel at Nazanin vart arrestert på Imam Khomeini-flyplassen i Teheran like før ho skulle gå på flyet tilbake til London.

Den mektige iranske reovolusjonsgarden har skulda Nazanin Zaghari-Ratcliffe for å ha delteke i planlegging av eit nettbasert medieprosjekt med mål om å øydeleggje den islamske republikken Iran.

Revolusjonsgarden sa i ei fråsegn i juni i år at Nazanin vart arrestert etter massive etterretningsaksjonar. Dei skuldar henne for å ha vore ein av leiarane i eit fiendtleg utanlandsk nettverk.

– Straff utan brotsverk

Richard Ratcliffe seier at kona ringde han fredag morgon og fortalde om dommen, og ho gjorde det då klart at ho kom til å anke avgjerda.

– Dette er straff utan eit brotsverk. Det verkar som Nazanin og Gabriella blir haldne tilbake i Iran som forhandlingskort. Det faktum at ho fekk dommen dagen etter at Iran og Storbritannia oppgraderte det diplomatiske sambandet, viser dette klart, seier Ratcliffe

Dommen i revolusjonsdomstolen kjem berre eitt døgn etter at Storbritannia og Iran oppretta fullt diplomatisk samband igjen.

Det blir spekulert i om revolusjonsgarden og domstolen deira gjennom denne dommen vil vise iranske styresmakter at dei ikkje er spesielt glade for den diplomatiske tilnærminga til Storbritannia

Richard Ratcliffe seier at 800.000 menneske har skrive under på eit krav om at kona hans må bli sett fri. Ho har fått store helseplager i fengselet, fortel han. Ho har opplevd eit stort vekttap, mist hår og fått problem med å gå.

Sandberg vil eksportere fisk til Iran

Familien Ratcliffe.

Nazani Zaghari-Ratcliffe saman med ektemannen Peter og dottera Gabriella i London før reisa til Iran i vår,

Foto: HANDOUT / Afp

– Urettferdige rettssaker

Monique Villa, toppsjefen i Thomson Reuters Foundation, er sjokkert over dommen, og gjer det klart at ho er overtydd om at medarbeidaren er uskuldig.

Kathy Voss i Amnesty International i Storbritannia seier at dei iranske revolusjonsdomstolane er kjende for å dømme menneske til fengselsstraff etter fullstendig urettferdige rettssaker.

– Alle dokumenta vi har sett og alle rapportar vi har fått viser at saka mot Nazanin har vore ein parodi på ei rettssak, seier Voss til The Guardian.

– Ikkje aktuelt å samarbeide med Store Satan

Iransk atomforsker henrettet

SISTE NYTT

Siste nytt