NRK Meny
Normal

– Ikkje aktuelt å samarbeide med Store Satan

Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei har ikkje tenkt å samarbeide med Vesten om Syria. I ein tale i dag langa han på tradisjonelt vis ut mot Store Satan og vondskapsfulle Storbritannia.

Ayatolla Ali Khamenei.

Ayatolla Ali Khamenei langa ut mot USA i kjent stil i ein tale i Khomeini-mausoleet i Teheran i dag.

Foto: HANDOUT / Reuters

I dag er det på dagen 27 år sidan ayatolla Khomeini, mannen som styrte Iran med jernhand frå den islamske revolusjonen i 1979 til 1989, døydde. Som vanleg på denne dagen, heldt Khamenei ein TV-sendt tale frå mausoleet til Khomeini i ein forstad til hovudstaden Teheran.

I talen i dag sa han blant anna at det er 180 graders forskjell på amerikansk og iransk politikk, og han skulda USA for brot på atomavtalen frå i fjor. Avtalen gjekk ut på at Iran skulle stanse delar av atomprogrammet sitt, mot at dei økonomiske sanksjonane mot landet skulle opphevast.

Den regionale krisa

Ayatolla Khomeini

Ayatolla Khomeini, som døydde i 1989, er framleis ein svært viktig offentleg figur i Iran.

Foto: NTB scanpix

Ayatolla Ali Khamenei gjer det klinkande klart at Irans politikk overfor USA og Storbritannia ikkje blir endra. Det har vore uttrykt håp om at Iran ville samarbeide om å få slutt på borgarkrigen i Syria, men her var stor-ayatollaen klar.

– Det blir ikkje snakk om å samarbeide med Store Satan, (som er namnet iranske styresmakter brukar på USA), eller vondskapsfulle Storbritannia, om den regionale krisa. Amerika har ført ein fiendtleg politikk mot Iran heilt sidan revolusjonen i 1979, og det ville vere ein stor tabbe å stole på desse landa, sa Khamenei i talen sin.

Khamenei nemnde ikkje Syria ved namn, men bruken av uttrykket den regionale krisa peikar direkte på borgarkrigen i Syria. Iran støttar regimet til Bashar al-Assad med både våpen og truleg også soldatar.

Iran testet raketter

Felles fiende

Vesten og Iran har ein felles fiende i terrororganisasjonen IS, men eit samarbeid blir det ikkje snakk om.

– Dei brukar menneskerettar og terrorisme for å rettferdiggjere at dei ikkje oppfyller atomavtalen, sa han, og la til:

Irans president Hassan Rohani

Irans president Hassan Rouhani er rekna som liberal og reformvenleg, men har avgrensa makt.

Foto: KEITH BEDFORD / Reuters

– Om vi held oss sterke og revolusjonære, så vil aldri dei landa som prøver å true Iran lukkast.

Reformvenlege har fleirtal i det iranske parlamentet, og presidenten er også rekna som moderat, i alle fall i forhold til forgjengaren Mahmoud Ahmadinejad. Både presidenten og parlamentet er valde av folket, men alle kandidatane måtte godkjennast av det sterkt konservative vaktarrådet først.

Avgrensa makt

Dermed har dei folkevalde avgrensa makt. Den eigentlege makta ligg hos ayatolla Ali Khamenei og hans støttespelarar. Også den såkalla Revolusjonsgarden har fått ei stadig sterkare makt i landet.

Valgskred for de reformvennlige i Teheran

Flere kvinner enn prester i Irans nye parlament

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt