Hopp til innhold

Dødsbrann-fabrikk utan godkjenning

Tekstilfabrikken der 112 menneske miste livet i brann i slutten av november hadde ikkje godkjende brannsertifikat, opplyser ei kjelde i brannvesenet.

Fabrikkbrann i Bangladesh

112 menneske omkom i brannen i tekstilfabrikken 24. november.

Foto: Hasan Raza / Ap

Den anonyme kjelda gir opplysningane til nyheitsbyrået Ap. Han fortel at fabrikken miste godkjenninga frå brannvesenet i juni i år.

Samstundes seier eigaren av fabrikken, Delwar Hossain, til Ap at han berre hadde løyve til å byggje ein treetasjars fabrikkbygningen. Utan løyve utvida han fabrikken til åtte etasjar, og han var i gang med å byggje ein niande etasje då bygningen vart ramma av brann.

Brann Tazreen Savar

Brannvesenet jobba på spreng for å sløkkje brannen.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Trass i brota på brannføreskriftene og påbygging utan løyve var det full produksjon ved fabrikken då brannen skjedde 24. november. Fabrikken sydde klede til vestlege kjeder som Wal-Mart og Disney. Ved sidan av dei vart over 200 skadde.

– Mektige eigarar

Det var over 1000 arbeidarar inne i bygningen då brannen starta.

Kjelder i regjeringsapparatet i Bangladesh seier at det er vanskeleg å stengje farlege fabrikkar fordi eigarane ofte er svært mektige.

Det vart avdekt graverande forhold ved fabrikken etter brannen. Det viste seg blant anna at fabrikken hadde tre utgangar, men at alle var i første etasje, der brannen starta.

Mange av offera omkom då dei hoppa frå bygningen for å kome seg unna flammane.

Kan ha vore påsett

Brannen fann stad i eit industriområde like utanfor hovudstaden Dhaka. Det har kome meldingar om at brannen var påsett . Tre personar skal vere arresterte etter brannen.

Eigar Delwar Hussein har avvist at fabrikken hans var utrygg, og seier at det første gong det har vore brann på nokon av dei sju fabrikkane han eig.

Klesproduksjon står for 80 prosent av eksportinntektene til Bangladesh.

LES OGSÅ: Vi vite kor dei produserer kleda - men ikkje alle selskapa vil fortelje

SISTE NYTT

Siste nytt