NRK Meny
Normal

Tre arresterte for fabrikkbrann

Tre personar er arresterte i samband med fabrikkbrannen i Bangladesh laurdag, som kravde 112 menneskeliv. Dei tre er mistenkte for å ha låst dørene på fabrikken som produserte kle for Disney og Wal-Mart.

En brannmann kjemper for å få den voldsomme brannen under kontroll

PÅTENT: Tre personar er arresterte i samband med brannen på ein tekstilfabrikk i Bangladesh laurdag. Brannen tok 112 menneskeliv.

Foto: ANDREW BIRAJ / Reuters

Tre personar er mistenkte for å ha låst dørene på fabrikken som brann ned til grunnen laurdag, der 112 menneske omkom.

Styresmaktene i Bangladesh mistenker at tekstilarbeidarane blei stengt inne.

LES: – Fabrikkbrann i Bangladesh var påtent

Over 1000 fabrikkarbeidarar demonstrerte tysdag for at dei ansvarlege måtte bli tatt. Samtidig blei sjefen for selskapet Tazreen Fashion, som leverer kle til fleire vestlege kjeder, avhøyrt.

Produserte for fleire kjende kjeder

I fabrikken blei det funne bøker og kle, som viser seg å vere laga for Disney Pixar, Wal-Mart, Sears og andre vestlege merkevarer.

LES: Vil ha krisemøte med H&M

Nyheitsbyrået Associated Press gjorde desse funna medan politiet kunngjorde at dei hadde arrestert tre av fabrikken sine tenestemenn.

Dei er mistenkte for å ha låst dører og stengt inne arbeidarane i bygget.

– Vår konklusjon er at dette var ei sabotasjehandling. Vi er i ferd med å finne ut kven sabotørane var, og alle skuldige vil bli stilt til ansvar, sa innanriksminister Mohiuddin Khan Alamgir tidlegare i dag.

Brannen i Bangladeshs hovudstad Dhaka braut ut laurdag.

I tillegg til dei omkomne blei over 150 skadde på fabrikken til selskapet Tazreen Fashion.

Dårleg tryggleikshistorie

Haugevis av barneshortsar frå Wal-Mart-kjeda si merkevare Faded Glory blei funne blant forkulla utstyr i restane av den nedbrente fabrikken. I tillegg blei det funne shortsar produsert for ei klesline av rappestjerna Sean Combs.

Regnskapsbøker frå fabrikken viste at dei tok imot ordre seinast dei siste månadene for å produsere kle for Disney og Sears, trass i at fabrikken har ei lang historie med dårleg tryggleik, ifølgje nyheitsbyrået Ap.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt