Hopp til innhold

Vi vite kor dei produserer kleda - men ikkje alle selskapa vil fortelje

Fleire norske klesprodusentar har stor produksjon i Asia, men ikkje alle vil fortelje om kva fabrikkar som produserer kleda deira.

Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender, Peder Børresen og Simen Staalnacke i Moods of Norway

VIL IKKJE FORTELJE: Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender vil svært gjerne vite kor Moods of Norway produserer kleda sine. Selskapet har så langt ikkje ville la seg intervjue av NRK.

Foto: Montasje: Fremtiden i våre hender/Arne Storrøinngen/Scanpic/Sara Johannessen

Klesprodusentar verda over blir jamleg skulda for ikkje sikre gode nok arbeidsforhold i land som Kina, India og Pakistan. Berre i vesle Sogn og Fjordane er det fleire store kjeder som produserer varer i Asia. Dette er Skogstad, Ricco Vero og Moods of Norway.

Leiar i Fremtiden i våre hender, Arild Hermstad, meiner bedriftene bør offentleggjere kor dei produserer kleda sine.

– Det er veldig viktig at dei norske aktørane er tydelege på at dei tek sitt ansvar på alvor og at dei vil ta eit etisk ansvar.

– Det kan dei for eksempel gjere ved å offentleggjere kva fabrikkar dei har produksjon på, er oppmodinga hans.

Kan bli truga på livet og drepne

Den siste tida har det vore fleire store medieoppslag om brannar i tekstilfabrikkar i Asia og avsløringar om elendige arbeidsforhold.

I slutten av november miste over 100 personar livet i ein storbrann på ein tekstilfabrikk i Bangladesh. Fabrikken her hadde tre naudutgangar, men alle var i første etasje der brannen starta.

Etter fleire brannar i tekstilfabrikkar i hovudstaden Dhaka braut det sist ut demonstrasjonar mot dårleg tryggleik ved fabrikkane i landet.

Fremtiden i våre hender har gjennom eit samarbeid med Clean Clothes Campaign fått ei rekkje meldingar om tekstilarbeidarar som har blitt truga på livet eller med oppseiing når dei har meldt frå om dårlege forhold ved tekstilfabrikkar i Asia.

Organisasjonen har også avdekka tilfelle der fagforeiningsleiarar har blitt drepne etter at dei har snakka kritisk om arbeidsgjevar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fabrikkbrann i Bangladesh
Foto: Hasan Raza / Ap

Vil ikkje namngje fabrikkane

Men kva ansvar har så norske klesprodusentar for forholda ved tekstilfabrikkane i Asia? Fremtiden i våre hender etterlyser at dei norske klesprodusentane tek eit tydeleg samfunnsansvar enn dei gjer i dag.

Fleire vil ikkje offentleggjere kor og korleis kleda eg og du går i blir produsert. Ein av dei som heldt namna tilbake er Ricco Vero i Stryn.

25 prosent av produksjonen til klesprodusent skjer i Kina, resten i Europa, fortel eigar og styreleiar Finn Einar Kvamme til NRK.no.

Av omsyn til konkurransen vil ikkje Kvamme fortelje kva fabrikkar det er.

– Vi har ikkje hatt så lyst og offentleggjere våre fabrikkar som vi har ein langsiktig relasjon med. Dette er fabrikkar som vi på ein måte har lært opp, med vår måte å produsere på, vår måte og kommunisere på, seier Kvamme til NRK.

– Eit konkurransefortrinn

Sjølv om Ricco Vero ikkje eig fabrikkane sjølv, seier han at dei kjenner eit eigarskap til dei.

– Sjølv om fabrikkane ikkje er våre, så er det eigarskap til ei verdikjede som kan vere eit konkurransefortrinn for oss. Vi ønskjer ikkje at det skal bli press på den fabrikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Moods of Norway

STOR SUKSES: Moods of Norway har gjort stor suksess i både Norge og utlandet med sine karakteristiske klede.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Fryktar piratkopiering

Det er fleire norske produsentar som har stor produksjon i nettopp Kina. Eitt av selskapa som så langt ikkje har latt seg intervjue av NRK er Moods of Norway.

Heller ikkje dei går offentleg ut med kor kleda blir produsert, og oppgir frykta for piratkopiering som årsak.

Men dei har innrapportert nokre fabrikkar til organisasjonen Initiativ for Etisk handel. Der er det opplista fabrikkar i India, Kina, Taiwan og Tyrkia.

– Konkurranse er ingen unnskyldning

Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender meiner det er på tide å vere så opne som mogleg.

– Eg trur dei er litt redde for konkurransen, men den redselen kan dei berre leggje vekk.

– Det er nok av eksempel på både norske og utanlandske kjeder som legg ut sine leverandørlister, utan at det har blitt noko problem, seier Hermstad.

Ricco Vero står hardt på at dei har tett oppfølging av dei fire fabrikkane sine i Kina. Løna til arbeidarane ligg på vel 3000 kroner i månaden.

– To gonger i året vitjar vi fabrikkane vi har. Kina har trass alt utvikla seg veldig dei siste åra, dei har sosiale rettar og barnearbeid skal ikkje skje, seier styreleiar Finn Einar Kvamme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skogstad Sport i Innvik

LITE: Sportskledeprodusenten Skogstad, med base i Nordfjord, seier arbeidarane deira i Kina får rundt 3000 kroner i løn kvar månaden. - Det er særdeles lite, vedgår Anton Skogstad.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Blir lønna med 3000 kroner i månaden

Kina er blant dei aller største på tekstilproduksjon i verda, og store internasjonale klesprodusentar frå alle verdas område produserer kleda sine her.

Ein av dei norske som har vore med lenge er sportskledeprodusenten Skogstad i Stryn. Eigar Anton Skogstad seier det jobbar nesten 1000 menneske på dei seks fabrikkane som produserer deira klede.

Skogstad vil oppgi lista over fabrikkar, og seier at løna til arbeidarane også her ligg på rundt 3000 kroner i månaden.

– Det er særdeles lite, men slik er lønene der nede, så det er heilt normalt, seier han til NRK.no.

Held seg unna Bangladesh

Han meiner selskapet har teke eit ansvar, ved å halde seg unna enkelte av landa i Asia.

– Vi har valt å halde oss unna land som Bangladesh, Pakistan og India. Det er fordi vi veit at det er mykje grums der nede, seier han.

Skogstad legg til at leiinga deira i Kina er på fabrikkbesøk minst ein gong i veka.

Meiner løna kunne vore betre

At arbeidarane som lagar kleda til både Skogstad og Ricco Vero i Stryn får betalt rundt 3000 kroner i månaden imponerer ikkje Arild Hermstad i Fremtiden i våre hender. Han meiner løna ikkje er meir enn den bør vere.

– Dette lønsnivået er ikkje så ille, det finst dårlegare vilkår for arbeidarar andre plassar.

– Men spørsmålet ein må stille seg er om dette er nok til å leve eit verdig liv i Kina for? Nokre stader vil det vere heilt på grensa til det vi kallar ei leveløn, seier Hermstad.

Oppmodar til eigarskap

Hermstad skulle ønske klesprodusentane i den vestlege verda sjølve ville sikre seg kontroll over produksjonsforholda ved fabrikkane – dei kan dei gjere ved å eige fabrikkane.

– Det er ingen som eig fabrikkane sine sjølv. Hadde dei stått som eigar og drive heile verksemda ville det vore lettare å halde auge med kva som vart gjort, seier han.