Hopp til innhold

Forskar: – Bevisst frå Israel si side å flytte fokuset vekk frå Gaza

Trass i at nattas angrep mot Iran vert sett på som lite, trur forskarar det kan føra til eskalering av konflikten i Midtausten.

Ein liten gut klatrar i ruinar i Rafah, sør på Gazastripa etter eit israelsk bombeangrep 17. april.

Ein liten gut klatrar i ruinar i Rafah, sør på Gazastripa etter eit israelsk bombeangrep råka byen 17. april.

Foto: Mohammed Abed / AFP

I denne saka kan du lesa om:

Natt til fredag kom meldingane om at eit israelsk missil har treft eit mål i Iran. Foreløpig er det lite me veit om angrepet.

Ein tenesteperson frå iranske myndigheiter seier til Reuters at Iran meiner det enno er uklart kven som står bak.

Det trass i at israelske kjelder skal ha stadfesta angrepet, ifølge New York Times.

NRK har snakka med ei rekke ekspertar på Midtausten og spurt dei kva nattas angrep eigentleg inneber.

Kva betyr angrepet?

– Dette er veldig urovekkande. For dette er endå ei opptrapping på den krig- og konfliktspiralen som me har sett lenge. Vi kan håpa på at dette var Israels meir moderate svar.

Det seier Midtausten-forskar Hilde Henriksen Waage til NRK.

Hilde Henriksen Waage, professor ved UiO og seniorforskar ved Prio

Professor Hilde Henriksen Waage meiner Israel kan ha tona ned angrepet for å tilpassa seg USAs ønsker om å unngå eskalering.

Foto: Kristina Opheim

Midtausten-forskar og historikar Bjørn Olav Utvik meiner derimot at angrepet ikkje er særleg stort.

– Iran tonar det ned i første omgang, ser det ut til, trass i sin tidlegare retorikk om at dei skal svara hardt.

– Det er grunn til å tru at Israel viser at dei held tilbake i dette angrepet,og tilpassar seg USAs ønske om å unngå regional konflikt, seier Waage.

Om det stemmer at Israel har utført eit bombeangrep, er det svært alvorleg, meiner Erik Skare, postdoktor i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo.

– Det bidreg til den valdsspiralen me allereie har, som gjer at me beveger oss frå skuggekrigen som har eksistert i fleire tiår, mot ein full konfrontasjon mellom to land.

Kvifor tonar dei ned angrepet?

Kristian Berg Harpviken ved Fredsforskingsinstituttet meiner det er påfallande at iranske myndigheiter speler angrepet ned.

Mellom anna viser eit bilete frå iransk TV at situasjonen vert omtalt som «normal» i Isfahan, kor angrepet hende.

skjermbilde iransk tv

Iransk statleg TV tonar ned angrepet i natt.

Foto: Iran Press TV

Kontrasten mellom angrepet og truslane Iran har kome med tidlegare, peikar på at reaksjonen frå Iran vil bli avgrensa.

Det kan tyda på at iranske myndigheiter ikkje ønsker ei eskalering, meiner Harpviken. Det kan ein derimot ikkje seia om Israel.

– Dei har handla på ein måte som peiker mot at dei kanskje ønsker denne konfrontasjonen, seier Harpviken.

Kristian Berg Harpviken

Kristian Berg Harpviken ved Fredsforskingsinstituttet synest det er påfallande at Iran tonar angrepet ned.

Foto: Christian Breidlid

Kva med Gaza?

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er uroa for at angrepa mot Iran no gjer at ein ikkje tenker like mykje på det som hender på Gazastripa.

– I mellomtida mistar ein jo fokus på Palestina, som mange av oss no ønsker å løfta opp, seier han.

espen barth eide

– Det er eit ganske unisont bodskapt om at no må partane roe ned. For dette kan spinne helt ut av kontroll. Det seier utanriksminister Espen Barth Eide om angrepet på Iran.

Foto: Christian Breidlid

Fleire av forskarane peikar også på at angrepet flytta fokus vekk frå Gaza og bakkeinvasjonen i Rafah som Israel lenge har varsla.

– Så får Israel meir fred med kva dei held på med i Gaza, for fokuset skiftar over til dei regionale dimensjonane, seier Harpviken.

Palestinere leter etter overlevende etter angrepet i Rafah.

Palestinarar leitar etter overlevande etter at eit israelsk droneangrep råka Rafah 17. april.

Foto: Ismael Abu Dayyah / AP

Harpviken trur det igjen kan føra til at Israel får meir støtte av andre store makter i regionen, som Saudi-Arabia.

Hilde Henriksen Waage meiner angrepet er heilt bevisst og kalkulert politikk frå Israel si regjering si side. Dermed går krigen på Gazastripa litt i gløymeboka, fryktar ho.

Kan angrepet føre til eskalering?

Utanriksminister Barth Eide trur at Iran kjem til å svare på angrepet. Han fryktar ein valdsspiral som utviklar seg til ein regionalkrig.

Men førebels har ikkje Iran planar om å svara på angrepet, seier ei myndigheitskjelde til nyheitsbyrået Reuters.

Utenriksminister Espen Barth Eide er bekymret for situasjonen i Midtøsten etter at Israel gikk til angrep mot Iran natt til fredag.

Utanriksminister Espen Barth Eide er bekymra for situasjonen i Midtausten etter at Israel gjekk til angrep mot Iran natt til fredag.

Mellom anna Jordan og Oman har åtvara Iran mot å svara på angrepet. G7-landa ber både Israel og Iran om å unngå vidare eskalering.

Angrepet frå Israel kan sjåast på som ei opptrapping, meiner postdoktor Skare.

Både USA og Storbritannia råda Israel mot å ikkje angripa Iran.

Skare trur det er sannsynleg at Iran kjem til å svara, sjølv om det ser ut til å vere eit lite angrep.

Les også «Motstandsaksen»: Dette er Israels militære fiendar

folk brenn amerikansk og israelsk flagg

Kor stort eit nytt angrep eventuelt vil verte, er derimot usikkert.

– Spørsmålet er korleis dei gjer det. Om det blir et nytt angrep mot israelsk territorium direkte frå Iran, eller om dei no i større grad nyttar seg av proxy-grupper, seier Skare.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.