Derfor dekker NRK USA-valet så tett

Årets viktigaste val kan få uante konsekvensar. Derfor dekker vi tett – og breidt.

Republikanernes debatt

Republikansk presidentkandidat Donald Trump møter pressen etter debatten i Houston 25. februar.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

Med Trump som republikansk favoritt og Sanders som Clintons utfordrer er det stadig færre som vågar sikre spådomar om det amerikanske presidentvalet.

Nokre meiner det blir vel mykje, at NRK og andre medium overdekker. Det kan vi forstå, men vi er ikkje samde. Presidentvalet i USA, ikkje minst slik det no utviklar seg, er ein av årets viktigaste hendingar. Media må bringe til torgs mest mogeleg kunnskap. Om valet og om USAs komande president. Dessutan er interessa stor.

Verdas mektigaste mann – eller kvinne

For presidenten i verdas einaste supermakt er verdas mektigaste mann. Eventuelt kvinne. Vi må spørje oss: Kvar står verdssamfunnet? Om Trump blir president kontra Rubio eller Cruz? Eller Clinton, Sanders, kanskje ein uavhengig Bloomberg?

US-HILLARY-CLINTON-HOLDS-PRESIDENTIAL-TOWN-HALL-IN-S.-CAROLINA-A

Hillary Clinton kom til sine egne på et møte i North Charleston i Sør- Karolina 25 februar.

Foto: SCOTT OLSON / Afp

Internasjonalt er USAs ståstad ofte avgjerande for utfallet i ei sak. For nokre veker sidan var FNs spesialutsending for Syria, Staffan de Mistura, på besøk i Norge. Og han var klinkande klar; det er ikkje mogeleg å få til noko i Syria dersom ikkje USA er engasjert.

Lite skjer utan USA

For trass i eit stadig meir sjølvhevdande Russland, viser superdiplomatens utsegn ein maktpolitisk realitet: USA er framleis landet med tyngde nok til å legge eit reelt press. I Syria, i Midtausten generelt eller i konflikten mellom israelarar og palestinarar. Og det same gjeld i andre typar internasjonale forhandlingar. Om handel, om klima, om bistand.

Avgjerande veker

Kritikarane til den omfattande dekninga peikar på at den amerikanske valkampen har vart lenge og atmeir enn eit halvår gjenstår.

USA-ELECTION/ Caroline Cruz makes bunny ears behind the head of her father Republican U.S. presidential candidate Cruz at the conclusion of the Republican U.S. presidential candidates debate for the 2016 Republican U.S. presidential candidates in Houston

Caroline Cruz lager kaninører på faren og republikansk presidentkandidat, Ted Cruz i Houston 25. februar.

Foto: MIKE STONE / Reuters

Det er rett, og det må vi i media være oss bevisst. Først til hausten kjem innspurten mellom ein demokratisk og ein republikansk kandidat – og kanskje ein uavhengig i tillegg.

Men mykje kan bli avgjort dei komande vekene. I løpet av mars er det mogeleg vi veit kven kandidatane blir.

Viktig

Vi står framfor eit spennande år på den globale scena. Den amerikanske valkampen har gjort dei fleste spådomar til skamme allereie – og det som skjer er viktig.

Derfor vil vi halde fram med å dekke valet av USAs neste president. Tett og breidt.

USA-ELECTION/SANDERS A supporter holds up a sign reading "The Revolution Is Going to Be Yuuuge" at a campaign rally with U.S. Democratic presidential candidate and U.S. Senator Bernie Sanders at Chicago State University in Chicago

Bernie Sanders har stor støtte blant studenter ved Chicago State University i Chicago.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt