Utstyret som er i bruk på dagens observatorium, er i ferd med å gå ut på dato. Det blei teke i bruk tidleg på 90-talet. Derfor er det no bygd eit heilt nytt observatorium. Alt utstyret blir skifta ut. Prislappen er 300 millionar kroner.
Bygget stod klart i fjor, og om få veker blir antennene overleverte. Folk frå den tyske leverandøren er på plass for å ta ein siste sjekk av at alt fungerer som det skal.
Sascha Kreth er prosjektleiar i MT Mechatronics, som har bygd dei nye antennene på Kartverket sitt jordobservatorium i Ny-Ålesund.
Foto: Eivind Molde / NRKMålingar 24/7
No blir det to antenner i staden for ei, og målingar 24 timar i døgnet. Skulle den eine antenna falle ut, vil den andre sikre dataleveranse likevel.
– Antennene er svært robuste. Dei er konstruerte for å «leve» i 20 år, fortel prosjektleiar Sascha Kreth i MT Mechatronics. Teknikarane våre har brukt mykje tid på å tilpasse dei det tøffe klimaet her nord, seier han.
Klimaovervaking er ei viktig oppgåve for Kartverket sin stasjon her. Dei kartlegg jordrotasjonen, måler ned på millimeternivå korleis jordskorpa bevegar seg – og dei måler hav- og isnivå. Målingane herifrå er også avgjerande for at navigasjonssystemet GPS skal fungere.
– Ti gonger betre
– Vi får på plass svært avansert utstyr. Dei tekniske løysingane, og den presisjonen vi vil få her, er eineståande. Dette blir minst ti gonger betre enn det vi har i dag, seier stasjonssjef Stig Pedersen.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Observatoriet i Ny-Ålesund er ein del av eit internasjonalt nettverk. Det er det nordlegaste i verda, og er derfor spesielt viktig. Ingen andre observatorium dekkjer den nordlege halvkula betre.
Alt utearbeid blir avslutta før vinteren set inn. Området rundt stasjonen skal førast tilbake slik det var. Det er strenge miljøkrav når ein skal byggje noko på Svalbard.
Foto: Eivind Molde / NRK– Det å få på plass eit topp moderne anlegg akkurat her, er av svært stor verdi, seier Sascha Kreth. Sidan stasjonen ligg så langt mot nord, vil den få ei nøkkelrolle i framtida, seier han.
Data i sanntid
Jo fleire stasjonar som får tilsvarande utstyr, og jo betre kommunikasjonen mellom stasjonane blir, jo viktigare blir dette nettverket også i samband med hendingar som tsunamiar og jordskjelv, fortel han.
I mai var den nye fiberkabelen frå Longyearbyen til Ny-Ålesund klar. Dermed fekk både Kartverket og dei ulike forskingsstasjonane superraskt breibandsamband med omverda.
Stig Pedersen er Kartverket sin stasjonssjef i Ny-Ålesund.
Foto: Eivind Molde / NRKDei store datamengdene frå den nye stasjonen vil dermed bli levert langt raskare til samarbeidspartnarane.
– Målet er å kunne sende data «live» frå stasjonen, seier Stig Pedersen. Det har ikkje vore gjort før, og det blir mogeleg takka vere banebrytande ny teknologi, seier han.
Når bygg og antenner no er på plass, startar arbeidet med å få inn alt utstyret, drive opplæring og testing. Observatoriet skal opnast i 2018.
Kartverket sitt nye observatorium i Ny-Ålesund står snart ferdig. Tvillingteleskopa strekkjer seg 18 meter over bakken.
Foto: Eivind Molde / NRK