Hopp til innhold

Klimadata på fiber frå Arktis

Det internasjonale samarbeidet om klimaovervaking skal bli betre. Arbeidet blir no løfta opp på FN-nivå, og etter planen skal det leggjast fram ein resolusjon for FNs hovudforsamling i løpet av våren. Det nye jordobservatoriet i Ny-Ålesund på Svalbard får ei nøkkelrolle i det globale nettverket.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Line Langkaas

Utstyret på jordobservatoriet i Ny-Ålesund fungerer, men det er i ferd med å gå ut på dato. Snart blir alt skifta ut. Då blir målingane endå meir presise enn i dag, fortel prosjektleiar Line Langkaas.

Foto: Eivind Molde / NRK

Om fem år skal eit topp moderne jordobservatorium vere i full drift i Brandallaguna i Ny-Ålesund.

Prislappen er på rundt 330 millionar kroner. Arbeidet med å lage veg fram til byggjeplassen starta i sommar.

Klimaovervaking er ei viktig oppgåve for stasjonen i forskingsbyen Ny-Ålesund.

Der måler dei blant anna korleis jordskorpa bevegar seg, dei måler hav- og isnivå, og ser om landet stig. Og målingane herifrå er avgjerande for at navigasjonssystemet GPS skal fungere.

Sylskarp presisjon

Men utstyret som er i bruk på dagens observatorium, er i ferd med å gå ut på dato. Det blei teke i bruk tidleg på 90-talet.

– Med nytt utstyr på plass, kan vi levere data som er langt meir nøyaktige enn i dag, fortel prosjektleiar Line Langkaas.

– No blir det målingar 24 timar i døgnet, vi skal kombinere fleire måleteknikkar, og vi set opp to store teleskop som erstattar det eine vi har no.

Observatoriet på 79 grader nord er ein del av eit internasjonalt nettverk. Det er det nordlegaste i verda, og er derfor spesielt viktig. Ingen andre observatorium dekkjer den nordlege halvkula betre.

– Når også andre land moderniserer sine stasjonar, vil målingane på verdsbasis bli 10 til 20 gonger meir nøyaktige enn dei er no, seier Langkaas.

Då vil ein kunne registrere endringar på ned til ein millimeter, og stabiliteten blir på 0,1 millimeter pr. år. Målet er 20–30 slike stasjonar – i dag finst det ei handfull som er oppgraderte, bl.a. i Tyskland, Spania og Australia.

Artikkelen fortset under biletet.

Skisse fra Kartverket

Dette er ei førebels skisse av Kartverkets nye geodetiske jordobservatorium ved Brandallaguna. Leverandør av antenner og utforminga av driftsbygg er ikkje endeleg.

Foto: Illustrasjon: Rambøll

Fiberkabel

Data frå Ny-Ålesund vil frå neste år bli levert langt raskare til samarbeidspartnarane. Då skal det leggjast fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Førebuingane starta i sommar.

Greg Scott

– Geodesi, eller jordobservasjon, må setjast på den internasjonale agendaen, seier internasjonal rådgjevar ved FN-hovudkvarteret i New York, Greg Scott.

Foto: Privat
Per Erik Opseth

– Eg håpar fleire andre land vil byggje avanserte observatorium, slik vi no gjer på Svalbard. Eit FN-mandat vil hjelpe, seier direktør i Kartverket, Per Erik Opseth.

Foto: Eivind Molde / NRK

Longyearbyen har allereie tilsvarande kabel til fastlandet. Dermed vil data frå Ny-Ålesund nå fram til andre stasjonar umiddelbart, same kvar i verda dei ligg.

– I dag bruker vi den datalinken som er etablert mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Med dei store datamengdene vi leverer, kan det ta opp til 72 timar å få informasjonen fram, seier Line Langkaas.

– Frå neste år vil vi kunne levere data i sanntid, så det blir nesten som natt og dag.

Draghjelp frå FN

I dag er denne type målingar noko som Kartverket og samarbeidspartnarar i andre land gjer på eige initiativ. Det kan det no bli forandring på. For no har FN komme på banen.

Ei arbeidsgruppe skal i haust utarbeide forslag til ein FN-resolusjon om global jordobservasjon. Representantar frå nesten 20 land og internasjonale organisasjonar vil delta i gruppa. Eit forslag til resolusjon skal leggjast fram for FNs hovudforsamling til våren.

– Naturen er i endring, og vi treng bevis, vi treng fakta som eit grunnlag for å ta avgjerder på eit høgare politisk nivå, seier internasjonal rådgjevar ved FN-hovudkvarteret i New York, Greg Scott.

FN-mandat

– Med ein resolusjon og eit FN-mandat på plass ønskjer vi å komme bort frå at dette er noko som berre skjer på initiativ frå fagmiljøa, vi vil ha det opp på den internasjonale agendaen – under ein FN-paraply, seier Scott.

– Håpet er at fleire land vil satse på å byggje avanserte observatorium slik Kartverket no gjer på Svalbard. Det skal bli eit sterkare og meir omfattande globalt samarbeid, seier direktør i Kartverket, Per Erik Opseth.

– Det å få ein FN-resolusjon – ja, berre det å gjennomføre ein slik prosess – gjer at jordobservasjon kjem meir på dagsorden internasjonalt. Pengane til nye stasjonar må kvart enkelt land framleis leggje på bordet, men det vil hjelpe å ha noko overnasjonalt å vise til, seier han.

Artikkelen fortset under animasjonen.

Video Animasjon: Fiberoptisk kabel på Svalbard

Slik skal kabelen leggjast. Klikk på biletet for å sjå animasjon.

Verktøykasse

– I fellesskap vil vi etablere eit nytt og betre utgangspunkt for posisjonsmålingar. Dette er viktig for overvaking av klimaendringar, posisjonstenester og all kartlegging. Geodesi, eller jordobservasjon, er ein verktøykasse for å forstå effekten av klimaendringane, seier Opseth.

– Ein liten auke i havnivået har ikkje så mykje å seie her i Noreg, men det har svært stor effekt i lågtliggjande – og fattige – land som Bangladesh. Betre overvaking av det som skjer er ekstra viktig for desse landa, seier Per Erik Opseth.

– Dersom FN kan vise til sikrare prognosar vil ein lettare kunne planleggje masseforflytning av folk, dersom det skulle bli nødvendig.

AKTUELT NÅ