Hopp til innhold

Den finske kvalrossen Stena døydde under transport

Tysdag kveld gjekk det gale då kvalrossen Stena blei forsøkt flytta frå ein hage i Finland. Det viser kvifor det er ein dårleg ide å bedøve kvalrossar, seier ekspert.

I Finland har kvalrossen Stena gjort nesten like stort inntrykk som Freya har i Noreg.

Det store dyret har kost seg i den finske skjergarden den siste tida. Men då ho dukka opp i ein hage i byen Kotka, 150 meter frå havet, skapte det bekymring blant finnane.

Bilde frå staden viser Stena som søv, strekk seg og tar livet med ro på graset, like ved barnas trampoline.

Hamina i hagen i Kotka, like ved trampolina.

Fleire håpa at Stena sjølv skulle flytte seg frå hagen.

Foto: Sasu Mäkinen / Lehtikuva

Huseigarane varsla naudetatane, som til slutt bestemte at dyret skulle flyttast til eit viltsjukehus.

Allereie før blei det uttrykt bekymring rundt Stenas helse.

– For augeblinken er helsa til dyret svært dårleg, sa Nina Trontti, direktør for dyrepleie i Korkeasaari Zoo.

Utsvelta og tynn

Vurderinga var at kvalrossens feittlag var veldig tynt, og at Stena truleg ikkje ville overleve i naturen i den tilstanden ho var i. Dyret måtte uansett vekk frå hagen, skriv Yle.

Valet stod mellom avliving, eller å prøve å frakte ho til viltsjukehuset.

– Overføring er eitt av alternativa. Viss kvalrossen er i veldig dårleg forfatning og dør i narkose, er det sjølvsagt også ein mogleg situasjon, fortel Trontti.

Brannmann Juha Säämänen seier til Iltalethi at det var tydeleg at Stena ikkje hadde planar om å flytte seg frå hagen sjølv.

– Vi har prøvd å flytte den, men den reagerer eigentleg ikkje på det, seier han, og legg til at dei prøvde å stikke dyret med ein pinne og ein børste.

Kvalrossen Hamina

Stena låg i hagen i byen Kotka i fleire timar tysdag. Ho har mykje lengre støyttenner enn Freya.

Foto: Antro Valo / Yle

Overlevde ikkje reisa

Politiet, to veterinærar, ein dyrepassar, ein brannmann og ei redningseining deltok i arbeidet, ifølge Iltalethi. Veldig mange møtte også opp for å sjå dyret og redningsaksjonen.

Rundt klokka 20 begynte dei å bedøve Stena. Det blei også hogga ned eit tre ved kvalrossen slik at redningsmannskapet fekk meir plass.

Det viste seg likevel at det var vanskeleg å få det tunge dyret til å sove.

– Å få sjøpattedyr til å sove er utfordrande, sa Trontti, som opplyste om at dei hadde vore i kontakt med norske ekspertar.

Hamina blir frakta vekk frå hagen.

Mange folk var i sving for å forsøke å flytte dyret.

Foto: Sasu Mäkinen / Lehtikuva

Like før klokka 22 starta ferda mot dyresjukehuset i Helsinki. Kort tid etter kom beskjeden om at Stena ikkje hadde overlevd turen.

– Prøvane og transporten dei siste dagane var for tunge for det svake dyret og det døydde undervegs, skreiv viltsjukehuset på Twitter.

– Kan bli fatalt

Kvalrossekspert Rune Aae ved Universitetet i Søraust-Noreg seier Stena sin situasjon var annleis enn Freyas.

– Ho var i utgangspunktet så avkrefta at ho tolte stress og flytting dårleg. Der var det nok litt på hell uansett, seier Aae til NRK.

– Men å bedøve dyr som ein ikkje har god kunnskap om og som ein ikkje kjenner vekta til, det kan bli fatalt.

Hvalross-ekspert Rune Aae

Rune Aae er doktorgradsstipendiat i naturfagdidaktikk ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Daphne Steketee / NRK

– Kvalross i Østersjøen, kor vanleg er det?

– Det er ein dårleg idé, har det vist seg. Ein vaksen kvalross treng 5–6000 muslingar kvar dag, og det er det ikkje i Østersjøen.

Aae har også kartlagt Stena sine rørsle. Stena har reist forbi København og inn i Østersjøen, viser observasjonane.

Til Aftenposten seier Aae at Stena truleg er mellom 25 og 30 år gammal.

– Altså skikkeleg gammal. Det kan vere så enkelt at ho har navigert feil ein stad.

Bør ikkje prøve bedøving

Dei siste dagane har rikskjendisen Freya tatt seg til rette på ein båt i hovudstaden. Enkelte meiner ho burde blitt bedøva og frakta vekk når ho er på besøk i tettbygde strøk.

– Eg trur ikkje ein skal prøve det. Det er mange andre tiltak ein kan prøve før ein kjem så langt.

Aae seier det alltid er ei krevjande oppgåve å bedøve ville dyr, og at vi har lite erfaring med å bedøve kvalrossar.

Kvalrossen Stena blei først sett i den finske kystbyen Fredrikshamn på fredag. Berre nokre dagar etterpå sette ho seg fast i eit fiskenett, noko veterinærane trur kan ha tært på kreftene hennar.

Les også Freya har blitt turistattraksjon i Oslo, men ekspert advarer mot å gå for nær

Freya på besøk i Frognerkilen i Oslo tirsdag 19.juli.

NRK skreiv først at kvalrossen heitte Hamina, noko som var feil namn. Ho heiter Stena.

SISTE NYTT

Siste nytt