Hopp til innhold

Demonstrantar meiner Bulgaria har blitt ein mafiastat

Ei nattbordskuff full av eurosetlar og ein opposisjonspolitikar som blir jaga frå ei offentleg strand, har utløyst dei største demonstrasjonane i Bulgaria på sju år.

K-8oGHZHavQ

Bulgarske demonstrantar utanfor EU-hovudkvarteret i Brussel.

Foto: FRANCOIS LENOIR

7. juli gjorde ein liten motorbåt strandhogg ved ein villa på den bulgarske svartehavskysten.

Om bord var Hristo Ivanov, ein tidlegare justisminister som leier anti-korrupsjonspartiet «Ja, Bulgaria!»

Han ville vise at stranda som skulle vere open for alle, i praksis var den private leikegrinda til ein mektig mann i landet.

Da Ivanov prøvde å plante det bulgarske flagget på stranda vart han skubba ut i sjøen av menn i solbriller, som seinare viste seg å vere agentar i sikkerheitspolitiet.

– Målet vårt er å ha eit Bulgaria for alle, sa Ivanov til eit filmteamet som strøyma det heile direkte til sosiale medium.

Opposisjonspolitikar Hristo Ivanov blir jaga frå ei offentleg strand i Bulgaria.

– Dritpakke

Ein knapp månad tidlegare måtte statsministeren i Bulgaria Boyko Borisov forklare seg om ein pinleg bildeserie som hadde byrja sirkulere på sosiale medium.

Ein sovande statsminister med pistol, eurosetlar og gullbarrar på nattbordet.

Pistol og 500-Euro setlar på nattbordet til Bulgarias statsminister.

Eit bilde på den politiske kulturen i Bulgaria? Ein pistol, store mengder kontantar og gullbarrar. Til høgre utanfor bildet ligg ein sovande statsminister.

Foto: bivol.bg

Statsministeren har dyrka eit image av seg sjølv som ein machomann, men dette vart for sterk kost for mange.

Borisov kalla inn til pressekonferanse og forklarte at det heile var ein dritpakke orkestrert av politiske rivalar og at bileta var manipulerte. Dei bulgarske gravejournalistane Bivol har analysert bilda og meiner dei er ekte.

Pressekonferansen toppa seg med skuldingar om at Bulgarias president Rumen Radev, hadde spionert på statsministeren med ei drone frå Kina.

500 Euro Bulgaria

Ein demonstrant med bilde av statsminister Borisov på ein 500-euro setel.

Foto: Valentina Petrova / Valentina Petrova

Strid mellom statsminister og president

Det heile opna opp ein ny ordkrig mellom president og statsminister. Dei to har vore i tottane på kvarandre sidan Radev blei president i 2016.

Radev meiner Borisov berre lèt som han slår ned på korrupsjon, medan han eigentleg er i lomma på maktpersonane som tek seg til rette langs Svartehavet.

Radev har også prøvd å stanse utnemninga av ein Ivan Gashev til statsadvokat.

Dei bulgarske gravejournalistane i Bivol meiner Gashev har band til kriminelle, gjennom sambuaren sin, ei tidlegare nattklubb-dansarinne.

Slutt å sponse mafiaen vår

Frå ein demonstrasjon 12. august der demonstrantane ber EU om å slutte å finansiere mafiaen i Bulgaria.

Foto: Valentina Petrova / Valentina Petrova

Raid mot presidentkontoret

Den 9. juli var det nettopp representantar for statsadvokaten som troppa opp på presidentens kontor med væpna agentar. Dei arresterte to personar i staben til presidenten, eit ledd i ei større etterforsking.

Dette skjedde dagen etter at presidenten hadde avslørt at det nettopp var statstilsette vakter som hadde jaga opposisjonspolitikar Ivanov frå stranda ved Svartehavet.

Aksjonen vart av mange sett på som ein hemnaksjon mot presidenten og utløyste forrykande demonstrasjonar i hovudstaden Sofia. Folk kasta egg, tomatar og toalettpapir på bygningen til statsministeren.

Bulgarian President Rumen Radev (C) talks to supporters at a demonstration after prosecutors raided Bulgarian president's offices as part of investigations, in Sofia, Bulgaria, July 9, 2020. REUTERS/Stoyan Nenov

Bulgarias president møter støttespelarane sine etter politiraidet mot kontoret hans. To assistentar vart arresterte i raidet.

Foto: STOYAN NENOV

Sidan har det nesten kvar dag vore demonstrasjonar med krav om at statsminister Borisov og statsadvokaten hans går av.

Demonstrantane går med plakatar der dei skuldar regjeringa for å stå i ledtog med organisert kriminalitet, og at rettsvesenet er politisk styrt.

Ikkje sidan 2013 har statsminister Boyko Borisov vore i så hardt ver. Han har gjort nokre grep, som å skifte ut ministrar og han har kome med forslag om ulike reformer. Men demonstrasjonane held likevel fram med uforminska styrke.

Laster Twitter-innhold

– Truverdet til EU står på spel

Opposisjonspolitikaren som blei jaga frå stranda ved Svartehavet, Hristo Ivanov,
meiner det først og fremst er EU og Merkel si skuld at oligarkar og politikarar kan gjere som dei vil i Bulgaria.

Merkel skammar du deg ikkje?

Mange demonstrantar rettar raseriet mot EU og Tysklands Angela Merkel som dei meiner gjer for lite for å slå ned på korrupsjonen i Bulgaria.

Foto: Valentina Petrova / Valentina Petrova

I eit intervju med avisa Politico ber han Brussel og Berlin om å stille krav til den bulgarske regjeringa:

– Viss EU ikkje maktar å garantere eit minimum av ein rettsstat i eit land så svakt som Bulgaria, kva er då poenget, sa i Ivanov i intervjuet med Politico.

Han legg til at overføringane frå EU er med på å finansiere dette vanstyret.

– Det er truverdet til EU som står på spel, sa Ivanov til Politico.

Organisasjonen Transparency international rangerer Bulgaria som det mest korrupte landet i EU.

SISTE NYTT

Siste nytt