Hopp til innhold

Eksmannen til drepen journalist: – Noko er øydelagt i landet mitt

RUSE (NRK): Eksmannen til Viktoria Marinova håpar drapet vil føre til endringar i Bulgaria. Drapet har fått stor internasjonal merksemd, fordi Bulgaria har eit dårleg rykte på seg når det gjeld pressefridom.

Viktoria Marinova

DREPEN: Viktoria Marinova vart 30 år gammal, ho lèt etter seg eit sju år gammalt barn.

Foto: Filip Dvorski / AP

– Dei første tre timane etter telefonen ringde, var dei tøffaste. Resten hugsar eg ikkje. Eg hugsar ikkje heile veka. Viss du spør meg om kva som skjedde i går, så hugsar eg det ikkje.

NRK møter eksmannen til den drepne journalisten Viktoria Marinova på kontoret hans rett etter gravferda. Svilen Maksimov eig eit kabel-TV selskap, som også finansierer nyheitskanalen der Marinova var programleiar for programmet Detektor.

Det siste programmet av Detektor vart sendt den 30. september. Marinova hadde invitert to gravejournalistar frå nyheitsportalen Bivol. Dei hadde avslørt ein gigantisk svindel med EU-midlar.

Andre medium i Bulgaria hadde omtala saka i nyheitsbulletinar, men Marinova gjekk i dybden og brukte 45 minutt på skandalen i beste sendetid.

– Viktoria var ein person som ikkje var nøgd med berre å rapportere nyheitene, ho ville endre på ting. Og ho hata urettvise, fortel Maksimov til NRK.

Eigar av nyheitskanalen TVN i den bulgarske grensebyen Ruse, og eksmannen til den drepne tv-journalisten Viktoria Marinova, gjev eit eksklusivt intervju til NRK.

Eigar av nyheitskanalen TVN i den bulgarske grensebyen Ruse, og eksmannen til den drepne tv-journalisten Viktoria Marinova, gjev eit eksklusivt intervju til NRK.

Telefonen ringer i eit sett

Viktoria Marinova var på ein heilt vanleg joggetur, da ho vart valdteken og drepen.

Sidan har dei 20 tilsette ved TVN blitt nedringt av New York Times, The Guardian, Fox News og BBC, for å nemne nokon.

«Heile medieverda» har ringt til den vesle nyheitskanalen som ligg heilt nord i Bulgaria, på sørsida av Donau.

Det har blitt lite tid til å fordøye tapet av Viktoria, fortel dei tilsette NRK snakkar med.

BULGARIA-CRIME-MEDIA

DREPEN PÅ JOGGETUR: Her langs Donau var det liket av den 30 år gamle tv-journalisten funne.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Rask oppklaring

Bulgaria scorar dårleg når det gjeld pressefridom og demokrati i EU. Og mange kommentatorar og mediehus spekulerte tidleg i om Marinova vart drepen på drepen på grunn av jobben sin.

Men det gjekk ikkje mange dagane før bulgarsk politi hadde peika ut ein mistenkt drapsmann. Ein 20 år gammal rom frå eit nabolag i Ruse. Dei hadde funne DNA bevis, og han vart pågripen utanfor Hamburg i Tyskland.

Sjølv om nokre få kritiske røyster meiner at saka vart oppklart litt for raskt, er det stort sett semje om at drapet var tilfeldig vald.

Bulgaria under lupa

Likevel opna drapet opp ein debatt om kvifor Bulgaria alltid ser ut til å score dårlegast i EU når det gjeld pressefridom, korrupsjon og andre demokratiske verdiar.

Det var ikkje lenge sidan bulgarsk høgsterett vedtok at Istanbul-konvensjonen, som skal verje kvinner mot vald, strir imot grunnlova.

Den bulgarske kommentatoren for Brussel-baserte Euractiv, Georgi Gotev, meiner mange kvinner i Bulgaria føler seg utrygge, og at det er det denne saka eigentleg handlar om.

TVN-eigar Maksimov lener seg framover. Det er lett å sjå at han framleis er i sjokk over tapet av ekskona og kollegaen sin.

– Eg ber om orsaking for det eg kjem til å seie, men media i Bulgaria er øydelagt, på same måte som landet vårt er litt øydelagt av det som har gått føre seg, ikkje berre i 30 år etter kommunismen, men dei siste 75 åra etter andre verdskrigen.

Det er ikkje er ikkje lett å endre ein politisk kultur etter tiår med diktatur, som så vart avløyst av organisert kriminalitet og korrupsjon.

Fryktar gateslag

Ivan Stefanov laga reportasjane som gjekk mellom intervjua i Detektor. NRK møter han rett etter gravferda. Han tenner seg ein røyk med skjelvande hender.

Redaktøren for TVN fryktar for samanstøyt mellom romfolk og motorsykkelgjengar etter at det kom fram at den mistenkte drapsmannen var Rom.

Redaktøren for TVN fryktar for samanstøyt mellom romfolk og motorsykkelgjengar etter at det kom fram at den mistenkte drapsmannen var Rom.

Han fortel at motorsykkelgjengar har oppsøkt rom-nabolag for å hemne drapet, og han seier det var berre så vidt ikkje det enda med eit nytt drap på torsdag.

Motorsykkelgjengen var i undertal, og vart jaga på flukt av rasande romfolk væpna med økser og knivar. Men Stefanov fryktar dei vil hente forsterkningar og prøve seg igjen. Da vil blodet flyte i dei fattige romnabolaga i Ruse.

– Det er ein farleg dynamikk, mange er sinte etter drapet og dei treng å få ut denne frustrasjonen, fortel Stefanov.

Han fortel det var skremmande å stå midt i frontlinja og rapporterte direkte på fjernsyn på torsdag, men han meiner media kan spele ei rolle når det gjeld å gi folk god informasjon og å roe ned slike situasjonar.

– Eg håpar eg kan bidra med noko positivt, eg veit det hadde Viktoria likt, fortel han.

BULGARIA-CRIME-MEDIA

FAKKELTOG: Førre veke møtte hundrevis av menneske opp for å vise støtte og sympati til dei pårørande av Viktoria Marinova.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Håpar det er starten på eit nytt kapittel

Maksimov sukkar og synk litt saman i skinnstolen. Det har vore ein tøff dag med gravferd, og atter fleire telefonar frå dei store mediehusa.

Men han prøvar å sjå lyst på det. Førre veke var det fakkeltog for Viktoria Marinova, og det bar bod om noko nytt meiner han. Det var ikkje dei vanlege demonstrasjonane, skjellsorda og negativiteten fortel han:

– Det var ikkje eit vondt ord. Alle desse tusen menneska samla seg for å gje støtte. Det seier meg at dette er eit vendepunkt, at Viktorias død har utløyst starten på ei endring til noko betre i Bulgaria.

– Vil du behalde nyheitskanalen sjølv om du tapar pengar på den?

– Eg er nøydd, eg har ikkje noko val, fortel han til NRK alvorleg.

SISTE NYTT

Siste nytt