Hopp til innhold

Brutale kampar i Sudan: – På grensa til rein vondskap

Menn med våpen kjempar om makta og brukar seksuell vald for å terrorisere folket. Medisinstudenten Tayser (24) har mista alt håp.

militære står på eit lasteplan. mange menn står framfor dei på vegen

BRUTALT: RSF-soldatar brukar seksuell vald i si krigføring i Sudan. Biletet viser RSF-general Mohamed Hamdan Dagalo i 2019.

Foto: Hussein Malla / AP

– Eg kjenner meg ikkje trygg lenger, eg er redd heile tida. Dei fleste kvinnene eg kjenner har flykta, iallfall dei som har moglegheita, fortel Tayser til NRK.

24-åringen har budd i Khartoum saman med foreldra og søskena sine heile livet. Då krigen braut ut, var ho på sjette og siste året på medisinstudiet.

No er det uvisst om ho nokon gong får fullføre studiet og formelt bli lege.

Bilete av Tayser Ahmed. Ho har på rosa burka og higab, smiler til kamera.

STUDENT: Tayser (24) var lenge ein av få som ikkje flykta, i håp om å få ta sin siste eksamen på medisinstudiet.

Foto: Privat

Då dei brutale kampane mellom regjeringshæren og den paramilitære styrka RSF braut ut i april, stengde alle universiteta og offentlege institusjonar i landet.

Men i håp om at universiteta skulle opne att, blei Tayser verande i Khartoum, medan naboar og venar flykta.

Sju månadar seinare er universiteta framleis stengde. Studiets siste eksamen og legedraumen er no heilt fjern.

To menn og to kvinner i eit klasseromsliknande rom. På pulten ligg skrivebøker og blyant og legeutstyr.

FRIVILLIG: Tayser og studievenane har arbeidd frivillig på eit helsesenter i Khartoum medan krigen har herja i gatene utanfor.

Foto: Privat

– Vi går tomme for ord

– Vi held fram med å kalle situasjonen forferdeleg og dyster. Men ærleg talt, så går vi tomme for ord for å beskrive redselen over det som skjer i Sudan.

Det sa Clementine Nkweta-Salami, FNs humanitære koordinator for Sudan, på ein pressekonferanse førre veke.

Ho viste mellom anna til rapportar om unge jenter som blir valdtekne framfor mødrene sine.

– Det som skjer, er på grensa til rein vondskap.

Krigen mellom dei to militæra har ramma sivile hardt, særleg i Khartoum og Darfur, byar som har blitt til blodige krigssoner.

I starten av november utførte RSF ein etnisk massakre mot masalit-folket vest i Darfur, der mellom 800 og 1300 menneske vart drepne, viser ein rapport frå FN.

Folk skal ha blitt utsette for tortur, seksuell vald og utpressing. 20.000 flykta frå området, til nabolandet Tsjad.

Totalt har over 5 millionar sudanarar flykta frå heimane sine internt i landet, og over ein million har flykta til naboland.

Dronebilete viser hundrevis av telt sett opp på eit stort jorde.

FRÅ SUDAN: Dronebilete frå i sommar viser hundrevis av telt sett opp på eit stort jorde i Adre i Tsjad.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

I tillegg til plyndring, angrep på sivile bustader og institusjonar, har den seksuelle valden uroa hjelpeorganisasjonar verda over.

– Det er grufullt. Vi høyrer konstant om seksuell mishandling av kvinner og jenter. Til og med folk vi kjenner, fortel Tayser.

Valdtekt som krigsvåpen

FN-rapportar viser at det først og fremst er RSF-soldatar som brukar seksuell vald i si krigføring, og at dei brukar valdtekt som verktøy for å terrorisere og straffe folket.

Men det er også avdekt tilfelle der regjeringshæren har gjort det same.

I starten av november uttrykte FN bekymring rundt situasjonen i Darfur, der RSF stadig vinn meir territorium.

Kvinner og jenter skal ha blitt kidnappa av RSF-soldatar og halde under «slaveliknande forhold». Vitne skal ha observert kvinner lenka fast til lastebilar.

Liv Tønnessen, forskar og Sudan-ekspert ved Christian Michelsens institutt, fortel at temaet er svært tabubelagt, og at få tør å melde frå om seksuell vald:

Det er særleg kraftfullt i Sudan, som er eit konservativt land. Det er bygd på ein ide om at kvinner skal vere jomfru når dei giftar seg. Å bli valdteken av ein mann som ikkje er din ektemann, er dessverre tabu og assosiert med stigma og skam, seier Tønnessen.

Ei kvinne i rosa kjole og sjal står framfor ein lastebil, med mange folk på.

PÅ FLUKT: Over ein million sudanarar har forlate heimane sine og flykta til naboland.

Foto: AP

Forhandlingar til inga nytte

Akkurat no ser det heile mørkt ut for det sudanske folket.

USA og Saudi-Arabia har arrangert fleire fredssamtalar sidan april. Partane har fleire gonger blitt einige om våpenkviler, men ingen av dei har blitt overhalde.

Liv Tønnessen meiner sivile aktørar må bli tatt inn i forhandlingane, og ikkje berre dei to krigande partane.

– Det er menn med våpen som får plass rundt bordet. Dei skal diskutere fred. Men diskusjonen handlar om korleis dei skal fordele kaka, seier Sudan-forskaren.

To soldatar går på ei tom gate. Der står ein tanks.

SPØKELSESBY: Khartoum blir kalla ein «spøkelsesby» etter at millionar skal ha flykta frå byen.

Foto: AFP

Frykt erstatta med sorg

Medisinstudenten Tayser vil verken at RSF eller regjeringshæren skal få makt, og kjenner seg heilt makteslaus.

For nokre veker sidan bestemde ho seg for å flykte. Ho og mora tok buss til slektningar i Sør-Sudan. På den 13 timar lange bussturen blei dei stoppa om lag ti gonger av RSF-soldatar, fortel ho.

Ifølge Tayser bad dei om pengar frå dei, sjekka bagasjen deira, og trakasserte dei.

Framme i Sør-Sudan er frykta mindre, men erstatta av ei stor sorg over å ha forlate heimlandet sitt.

– Eg trudde det skulle bli enkelt å reise, men eg kjenner meg trist, heilt elendig. Då vi kom fram til slektningane våre, var eg trøytt, trist og overvelda. Det kjennest ut som at alt skal bli verre, ikkje betre.

– Eg veit at eg kanskje aldri får reise tilbake dit. Og viss eg får reise tilbake, er det ikkje sikkert eg kjem tilbake til det Khartoum eg reiste frå.

SISTE NYTT

Siste nytt