Ein annan dansk soldat vart såra då ei gruppe opprørarar, truleg frå Taliban, gjekk til angrep på dei.
Dei danske soldatane patruljerte til fots då dei kom under eld.
25 danske soldatar er drepne i Afghanistan sidan Danmark utplasserte soldatar i landet i 2001.
Det er over 700 danske soldatar i Afghanistan, som ein del i den NATO-leidde ISAF-styrken i landet.
Ingen andre land har mist så mange soldatar i Afghanistan i forhold til størrelsen på kontingenten.
Det danske ansvarsområdet ligg i Helmand-provinsen, som er rekna for å vere eitt av dei farlegaste i det krigsherja landet.
Den norske ISAF-styrken har hovudkvarteret sitt i Maymane nord for hovudstaden Kaul, eit område der Taliban ikkje står like sterkt som i Helmand.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: