Hopp til innhold

Chavez til folket: Ikkje drikk cola

Presidenten i Venezuela oppfordrar folk til å heller drikke den statsprodusere juicen, for å redusere importen fra USA.

Hugo Chavez

Hugo Chavez nyttar taletida på fjernsynet til betre helsa til folket – eller å betre økonomien i landet.

Foto: Afp

Det er ikkje uavnleg at Hugo Chavez kjem med oppfordringar til folket om å ete sunt, trene, og unngå narkotika og alkohol. Det skjer gjerne under dei timeslange fjernsynstalene.

No er det altså colaen som får gjennomgå. Nyleg oppfordra han folket til å drikke den statsprodusere druejuicen Uvita, og la vere å kjøpe produkt frå Coca-Cola og Pepsi. Chavez nytta også høvet til å promotere ein vin frå Venezuela, skriv The Guardian.

Bakgrunnen er at han ønskjer at Venezuela skal selje meir av sine eigenproduserte varer, for å redusere importen frå andre land. I dag importerer landet det meste av maten og drikkevarene venezuelarane konsumerer.

Opposisjonen kritisk

Opposisjonspolitikaren Henrique Capriles er sterkt kritisk til at Chavez nyttar fjernsynstaler for å spreie bodskapen sin samtidig som det er eit valår. Alle fjernsynskanalane er nemleg pliktige til å vise talen, som ofte kan vare i over ein time.

Det nasjonale valrådet har vedteke reguleringar som gjer at politiske bodskap på TV og radio ikkje kan vare lengre enn tre minuttar. Men det er uklart om Chavez sine talar fell under dette.

Informasjonsstrategi

– Talane er ein del av informasjonsstrategien til staten. Dei borgarlege vil at eg skal slutte med noko som er mandatet til presidenten i republikken. Eg kjem ikkje til å gjere det, sa Hugo Chavez i talen.

Han meiner at dei fleste av media i Venezuela er mest positive til dei borgarlege, og skuldar dei for å ignorere ting han har gjennomført som president.

Det nye presidentvalet i Venezuela skal skje 6. oktober, og Chavez søkjer attval til ein ny seks år lang periode.

SISTE NYTT

Siste nytt