Hopp til innhold

Canadiske biskopar lovar millionerstatning til kostskuleelevar

Katolske biskopar lovar å gi erstatning tilsvarande vel 200 millionar kroner til offera for overgrep gjort ved internatskular for Canadas urfolk.

Elevar og ei nonne fotografert i eit klasserom på Cross Lake Indian Residential School i Canada i februar 1940

Elevar og ei nonne fotografert i eit klasserom på Cross Lake Indian Residential School i Canada i februar 1940

Foto: Library and Archives Canada

Pengane skal utbetalast over ein femårsperiode og gjere bot for lidingane elevane vart påførte i internatskulane, heiter det i ei fråsegn frå biskopforeininga CCCB.

Rundt 150.000 barn frå Canadas urbefolkning vart tvinga til å gå på skulane mellom 1831 og 1997. Der vart dei tvinga til å vende sin eigen kultur ryggen og tileigne seg vestleg kultur. Det var minst 130 slike spesielle internatskular i Canada.

Folk minnes barna som aldri vendte hjem etter at de døde på internatskole i Canada

Funn av leivningar av 215 barn ved Kamloops Indian Residential School i den canadiske provinsen British Columbia tidlegare i år, vakte sterke kjensler. Biletet er frå ein minneseremoni for barna i Ottawa.

Foto: Justin Tang / AP

Stort sinne

Sinnet har vakse i landet etter at det sidan slutten av mai har vorte avdekt meir enn tusen umerkte graver i nærleiken av tidlegare kostskulane. Fleire kyrkjer har vorte utsett for eldspåsetjingar etter at grava vart oppdaga.

Den canadiske regjeringa har innrømt at fysisk og seksuell vald var utbreidd på skulane, og elevar skal ha vorte fysisk straffa for å snakke morsmåla sine.

Håpar på paven

Biskopane uttrykte fredag ein «djup anger» då dei beklaga til urfolket.

Denne orsakinga har fått delt mottaking frå kanadiske urfolksorganisasjonar. RoseAnne Archibald i foreininga av kanadiske urfolk, Assembly of First Nations, seier ho hadde håpt at biskopane ville invitere paven til Canada slik at han kunne beklage på vegner av den katolske kyrkja.

RosAnne Archibald

Urfolksleiar RoseAnne Archibald meiner paven bør komme til Canada og be om orsaking.

Foto: DARRYL DYCK / AP

SISTE NYTT

Siste nytt