Hopp til innhold

Fryktar klimaendringane - byggjer ein eigen «black box» til jorda

Som den svarte boksen i eit fly fortel oss kvifor flyet styrta, skal denne boksen samle all informasjon om kvifor jorda gjekk under.

Illustrasjon av hvordan den svarte boksen skal se ut når den er ferdigstilt i 2022. Illustrasjonen viser et ekte landområde i Tasmania, med fjellandskap i bakgrunnen. Selve boksen er rustfarget og formet som en kvadratisk, rar, avlang boks, høy og spiss opp til venstresiden, med et tak som heller ned mot høyre. Veggene peker innover ned mot bakken.

SKISSE: Sånn skal den svarte boksen sjå ut når han er ferdig i 2022.

Foto: Zuma Press

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Om bord i alle fly, helikopter, skip og tog finns ein svart boks, eller ein «black box». Den registrerer alt av informasjon frå dei systema som held farkosten gåande.

Det er grunna dei svarte boksane ein kan finne ut av kvifor fly styrtar, skip går på grunn eller tog krasjar.

No har forskarar, kunstnarar og arkitektar i Australia, nærare sagt Tasmania, gått saman for å lage ein eigen «black box» for jorda.

Dei er bekymra for miljø- og klimaendringane, og fryktar det verste.

– Med mindre me endrar måten me lever på dramatisk, vil klimaendringane og andre menneskeskapte kriser føre til at menneskeheita krasjar, skriv dei på eigne heimesider.

«Korleis denne historia ender, er opp til oss.»

Ein kan samanlikne den svarte boksen med frøbanken Noreg har på Svalbard. I kvelvet, Noregs gåve til verdssamfunnet, er over ein million frøprøver lagra. Ivaretaking og garantiar for generasjonane som kjem etter oss.

Illustrasjon av den rustrøde "svarte boksen", som ligger i et australsk naturlandskap. Litt ørken-sletter, litt fjell, litt grønt gress. Til venstre bak boksen er et stort fjell som bader i det som ser ut som morgensol. Himmelen er lys gråblå.

Skaparane av den «svarte boksen» håper den ikkje får noko faktisk nytteverdi.

Foto: Earth's Black Box Team

Fryktar klimaendringane

Boksen skal vere på størrelse med ein buss, ha åtte centimeter tjukke vegger av stål, og skal kunne overleve både tornadoar og jordskjelv. Planen er at han skal vere ferdig i 2022.

Boksen skal lage eit arkiv som forskarane meiner kan bli kritisk for å kunne forstå kva me gjorde gale og kvifor me lét det gå så langt, skriv New York Times om boksen.

– Samstundes håper me at boksen aldri faktisk får noko faktisk nytteverdi. Om eg sitt om bord i eit fly så vil eg jo ikkje at det skal styrte, seier Jim Curtis, leiar for eit av selskapa som står bak jordas eige «black box».

Curtis seier til avisa at boksen også blir laga for å halde dagens verdsleiarar ansvarlege for vala dei tar, og korleis dei påverkar utviklinga.

Forskarar ikkje samde

Boksen skal gjennomsøkje alle nettaviser, sosiale medium og andre nettstader med søkjeord knytt til klimaendringane.

Også temperaturar og mengda karbondioksid i atmosfæren skal bli lagra.

Skaparane av boksen seier den skal lagre all infoen på ein enorm harddisk drive på solenergi.

I fyrste omgang har boksen høve til å lagre informasjon i 50 år framover.

Sjølv om boksen har fått mykje merksemd og ros, er det også fleire som er skeptiske til nyskapinga.

Noah Diffenbaugh som forskar på miljø og klima ved Stanford University, seier at sjølv om klimaendringane er alvorlege, er det lite truleg dei vil gjere ende på menneskeheita.

– Eg trur fleire land og samfunn vil hamne under havnivå og at nokre stadar vil bli for varme for menneska, om me ikkje gjer noko drastisk for å stanse utviklinga slik me ser ho no, seier forskaren, før han legg til:

– Samstundes skal ein syne skilnaden mellom alvorleg trugsel og total utrydding.

SISTE NYTT

Siste nytt