Hopp til innhold
Urix forklarer

Ein grei guteklubb eller ny verdsorden?

Ny valuta, meir handel og utviding av BRIKS er noko av det fem av verdas mektigaste skal diskutere. I fire punkt får du det du treng å vite om toppmøtet i Sør-Afrika.

BRICS summit 2023 Johannesburg

Brasil sin president Lula da Silva, Sør-Afrika sin president Cyril Ramaphosa og India sin statsminister Narendra Modi på arrangementet «BRICS Business Forum» i dag.

Foto: MARCO LONGARI / AFP

Til saman er dei fem landa enormt mektige.

Innbyggjarane i Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRIKS) utgjer 45 prosent av verdas folk, og landa står for rundt 25 prosent av verdas samla brutto nasjonalprodukt.

Men BRIKS-landa har ikkje alltid klart å samarbeide godt.

India og Kina kranglar om landegrenser. Brasil har svinga mykje mellom særs ulike presidentar. Og Russland har eit krigsfokus for tida.

Likevel held BRIKS koken og denne veka er det toppmøte i Johannesburg i Sør-Afrika.

Vladimir Putin kjem ikkje, men det gjer 48 andre statsoverhovud som er inviterte. Ingen av dei er frå Vesten.

Russian Minister of Foreign Affairs Sergei Lavrov lands in South Africa for BRICS Summit

Russland sin utanriksminister Sergej Lavror er på plass i Sør-Afrika.

Foto: JACOLINE SCHOONEES/DIRCO / Reuters

Undertittelen til toppmøtet som varer frå tysdag til torsdag er «BRIKS og Afrika», og det vil vere ei lang rekke møte som har fokus på korleis dei ulike BRIKS-landa kan bidra til meir handel og utvikling i Afrika.

Afrika har det siste året blitt eit slags sentrum av ein kamp der verdas stormakter ønsker flest mogleg afrikanske allierte.

I tillegg er frihandelsavtalen AfCFTA i ferd med å bli rulla ut, og målet er å gjere handel og investeringar langt enklare på tvers av afrikanske land.

Les også Avtalen som kan snu opp ned på Afrikas økonomi

ICOAST-AGRICULTURE-ECONOMY-SOCIAL-INDUSTRY-RUBBER

Er BRIKS viktigare enn før?

BRIKS har ikkje eksistert lenge. I 2001 peika den globale investeringsbanken Goldman Sachs på at Brasil, Russland, India og Kina kom til å bli leiande aktørar i verdsøkonomien.

Deretter var det nokon som tenkte at det ville vore bra for desse fire landa å samarbeide meir. I 2006 var det duka for første toppmøte, og i 2010 vart Sør-Afrika invitert med inn i varmen.

CHINA-BRICS-SUMMIT

India sin statsminister Manmohan Singh, Russland sin president Dmitri Medvedev, Kina sin president Hu Jintao, Brasil sin president Dilma Rousseff og Sør-Afrika sin president Jacob Zuma på toppmøtet i Kina i 2011.

Foto: Nelson Ching / AFP

Dei siste 13 åra har BRIKS vore ein møteplass, der dei fem deltakarlanda har til felles at dei ønsker å endre internasjonal handel.

Ein del analytikarar meiner at dagens situasjon, med omfattande økonomiske sanksjonar mot Russland, og stadig meir spent stormaktskamp mellom Kina og USA, kan bidra til at BRIKS blir meir relevant.

Det auka konfliktnivået mellom verdas stormakter kan føre til ein sterkare vilje blant BRIKS-landa til å skyve meir finansiell makt bort frå USA og utfordre dagens finanssystem.

Då må dei i så fall bruke den neste veka til å finne ut korleis dei skal stå meir saman og dra meir i same retning.

Ønske om nye spelereglar i verdshandelen

Reformer og endringar i internasjonal handel står høgt på BRIKS' agenda.

Fleire land i det globale sør har ønska å endre Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF), som begge er viktige finansielle institusjonar som er styrte av Vesten. Ønsket om slike endringar har, ikkje så overraskande, møtt motstand i Vesten.

Kristalina Georgieva

IMF-sjef Kristalina Georgieva får kritikk av BRIKS for å stille for strenge krav til lån og pengestøtte.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Svaret frå BRIKS har så langt vore å etablere eit alternativ: Ein eigen utviklingsbank.

Les også Ny bank skal få fart på utviklingslanda

Russia BRICS Summit Vladimir Putin, Narendra Modi, Dilma Rousseff, Xi Jinping

Kritikken mot Verdsbanken og IMF har gått på at dei stiller for strenge krav til mottakarane av lån og pengestøtte.

Eit ferskt døme på at Verdsbanken også stiller politiske krav er stansen i utbetalingar til Uganda. Dei nye, strenge anti-homolovane førte til at Verdsbanken sette mellombels stopp for støtte. Slikt merkar ein økonomi som den ugandiske veldig godt.

Men som eit motsvar har BRIKS altså starta ein alternativ utviklingsbank som såg dagens lys i 2016. Tanken er at «det globale sør» skal ha fleire alternativ å velje mellom.

Uganda gay protest

I juli vedtok Uganda ei av verdas strengaste anti-LHBT-lover. Støttemarkeringar som denne i 2014 har blitt farlegare dei siste åra.

Foto: Rebecca Vassie / AP

Utviklingsbanken har som uttalt mål å kunne ta meir omsyn til lokale lovar, samt utbetale pengar meir effektivt enn Verdsbanken.

Banken har fått kritikk for å vere for lite gjennomsiktig i sitt virke, men har planar om å fortsette å vekse. Målet er altså å minske kontrollen Vesten har hatt gjennom globale finanssystem.

Eit anna tiltak som ligg på bordet er ein ny valuta som kan gjere verdshandelen mindre avhengig av den amerikanske dollaren.

Det er Brasil som ivrar mest for forslaget, men mykje tyder på at det heile er lagd på is. Og sidan fleire av BRIKS-landa har store dollarreservar i dag, er det ikkje gitt at dei vil vere med på tiltak som kan svekke dollaren.

På tide å invitere fleire inn?

Temaet som har fått mest merksemd i forkant av toppmøtet, er ei eventuell utviding av BRIKS.

Rundt 40 land har vist interesse for å bli med i BRIKS, og rundt 20 land skal ha sendt søknad. At det å bli medlem i BRIKS er såpass interessant for mange land, har blitt tolka som eit teikn på BRIKS sin aukande viktigheit.

Indonesia, Saudi-Arabia, Egypt, Nigeria, Cuba, Argentina, Mexico, Dei sameinte arabiske emirata, Bangladesh, Etiopia og Iran er nokre av landa som ønsker å bli ein del av fellesskapet.

Iran's Supreme Leader Ayatollah Ali Khamenei speaks during a meeting in Tehran

Iran sin øvste leiar Ali Khamenei talar til Revolusjonsgarden. Landet er eitt av rundt 40 som kunne tenke seg inn i BRIKS.

Foto: WANA NEWS AGENCY / Reuters

Men rundt spørsmålet om ei utviding er det ganske ulike meiningar internt i BRIKS, og det vil vere overraskande med ei utviding allereie denne veka.

Å opne for nye medlemmer kan føre til at dei ulike medlemslanda sine interesser sprikar endå meir enn i dag.

Sjølv om den store interessa frå søkarlanda er noko positivt og ei vitamininnsprøyting for BRIKS-landa, så er det uklart korleis landa stiller seg til ei utviding.

Kina og Russland er land som vil nyte godt av å få fleire med på laget, og dermed større fotfeste i internasjonal politikk.

Samtidig er det ein fare for at endå meir sprikande interesser internt i BRIKS vil kunne føre til at medlemslanda i framtida ikkje vil forplikte seg like mykje om dei meiner samarbeidet går i feil retning. Då vil i så fall ei utviding svekke, og ikkje styrke, BRIKS.

Sør-Afrikas Putin-hovudpine

Det var lenge eit stort spørsmål om Vladimir Putin skulle reise til Sør-Afrika, som er medlem av Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Putin er etterlyst av domstolen for krigsbrotsverk, og måtte blitt arrestert om Sør-Afrika skulle leve opp til sine plikter som medlem av ICC.

BRICS Summit

Demonstrantar protesterte mot den russiske presidenten i Johannesburg i forkant av toppmøtet.

Foto: Denis Farrell / AP

Saka sette sørafrikanarane i ei knipe. Etter å ha leita etter moglegheiter for å kunne sleppe å arrestere Putin, landa til slutt partane på det dei kallar ein «gjensidig avtale» om at Putin blir med på linje frå Moskva.

Les også Krangel i Sør-Afrika: Skal Putin arresteres når han kommer?

Cyril Ramaphosa og Vladimir Putin sammen under BRIKS-møtet i Brasil i 2019.

For Sør-Afrika er det stadig ei vanskeleg øving å balansere mellom verdas stormakter. Dei vil aller helst samarbeide med alle, og krev at det blir akseptert av andre.

Seinast søndag, få dagar før BRIKS-møtet, gjekk president Ramaphosa ut og gjorde det klart at dei ikkje ville la seg herse med av stormakter og bli dytta i den eine eller andre retninga.

Sør-Afrika har nyleg sagt at dei vil ha eit EU-toppmøte, og har inntil nyleg også hatt ein tett kontakt med USA.

SISTE NYTT

Siste nytt