Hopp til innhold

Ny bank skal få fart på utviklingslanda

I dag startar ein ny internasjonal bank opp si verksemd. Dei fem BRIKS-landa sin eigen bank har fått 822 milliardar kroner i startkapital, og har som mål å bidra til utvikling i dei framveksande økonomiane.

Russia BRICS Summit Vladimir Putin, Narendra Modi, Dilma Rousseff, Xi Jinping

Dei håper å skape utvikling i sine heimland med den nye banken som starta opp arbeidet i dag. Dei fem presidentane går i fremste rekke her, frå venstre Russlands Vladimir Putin, Indias Narendra Modi, Brasils Dilma Rousseff, Kinas Xi Jinping (delvis skjult bak Rousseff) og Sør-Afrikas Jacob Zuma.

Foto: Alexei Druzhinin / Ap

Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRISK) er landa som har putta sine sparepengar inn i «The New Development Bank», som skal ta opp kampen med meir kjente institusjonar som Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken.

– Misnøgde med IMF

Dei to veletablerte institusjonane har begge hovudkvarter i USA, og leiarane for IMF har alltid vore frå Europa, medan ein måtte vente heilt til 2008 før Verdsbanken fekk ein leiar som ikkje var frå Vesten.

EMERGING-BRICS/ Russian President Putin, Chinese President Xi, South African President Zuma and Brazil's President Rousseff arrive by escalator for a meeting during the BRICS Summit in Ufa

Leiarane for dei fem BRIKS-landa ønsker å ta raske skritt oppover når dei no lanserer ny bank. Her representert ved Brasils president Dilma Rousseff, Russlands Vladimir Putin, Kinas Xi Jinping og Sør-Afrikas Jacob Zuma.

Foto: RIA NOVOSTI / Reuters

Mange utviklingsland har kritisert dei to Bretton Woods-institusjonane, og den nye BRIKS-banken som startar opp i dag ser på seg sjølve som ein konkurrent til dei to veletablerte utlånsbankane.

– Me er misnøgde og særs uroa over den noverande mangelen på reformer i Det internasjonale pengefondet, som i stor grad påverkar fondet negativt kva gjeld legitimitet, truverd og effektivitet, stod det i eit utsegn frå eit BRIKS-møte i 2014.

Dei fem landa var misnøgde med eit feilslått forsøk på reform av IMF i 2010. Landa, som til saman står for 40 prosent av verdas folk, har framleis ikkje tilsvarande maktpåverknad på avgjersler som vert gjort innanfor IMF.

Lån til infrastruktur og utvikling

Difor vedtok dei på møtet i 2014 å lage ein ny bank som ser dagens lys i dag. Bankens hovudkvarter vil vere i Shanghai, og leiaren er indiske K.V. Kamath, som i dag startar arbeidet med å lage ein strategi for banken.

Det er venta at banken vil vere i full gang med sin verksemd i løpet av året, eventuelt i byrjinga av 2016.

Og strategien er meint å bane veg for meir investering i utviklingsland. På dei førebelse nettsidene til «The New Development Bank» skriv banken at dei skal vere eit alternativ til dei USA-dominerte Verdsbanken og IMF.

Tanken er å bidra til meir investering i infrastruktur og langsiktig utviklingsarbeid. Den skal også bidra til meir samarbeid mellom dei fem BRIKS-landa. Dette skal skje ved at det vert gitt ut lån til føremål som har til hensikt å bidra til desse måla.

Eigen asiatisk utviklingsbank

I motsetnad til Verdsbanken, der stemme er fordelt etter kor stort innskot dei ulike landa har i banken, så skal medlemslanda i The New Development Bank ha fem stemmer kvar, og ingen av dei har vetorett.

Russlands utanriksminister, Sergei Lavrov, har sagt at banken viser at det for tida veks fram fleire maktsenter i verda.

Verdsbanken har ønska nykommaren velkommen, og sagt at dei håpar på eit samarbeid.

Ein annan bank som har sagt at dei ser fram til å samarbeide er den ferske utviklingsbanken som Kina har teke initiativ til, Asian Infrastructure Investment Bank.

Denne banken er meint for investeringar i Asia, og Noreg er med som ein av grunnleggjarane av banken, trass det spente forholdet til Kina.