Hopp til innhold

Braksiger for opposisjonen i Kosovo

I Kosovos andre val på halvtanna år styrer det venstreorienterte og nasjonalistiske opposisjonspartiet Vetevendosje mot braksiger.

Tilhengjarar av sjølvrådepartiet i Kosovo feira valsigeren i Pristona i natt

Tilhengjarane til Sjølvråderettspartiet feira valsigeren i Pristina i Kosovo i natt.

Foto: FLORION GOGA / Reuters / NTB

Godt hjelpt av frustrasjonen over den gamle politiske eliten, var det på førehand venta at ei rekkje unge politikarar kunne komme til å gjere det svært bra i valet på søndag.

Når om lag 80 prosent av stemmene var talte opp, hadde Vetevendosje (Sjølvråderett) fått rundt 48 prosent. Partiet ser dermed ut til å nesten ha dobla oppslutninga si frå valet i 2019.

Det siste året har koronapandemien forverra dei sosiale og økonomiske problema i landet, og vaksinasjonen er enno ikkje kommen i gang. Også før pandemien var Kosovo eitt av Europas fattigaste land.

Fungerande president i Kosovo, Vjosa Osmani (t.v.) og leiar i Sjøvrådepartiet Albin Kurti etter at dei første valresultata var klare.

Fungerande president i Kosovo, Vjosa Osmani (t.v.) og leiar i Sjølvrådepartiet, Albin Kurti, smilte då dei første valresultata var klare.

Foto: FLORION GOGA / Reuters / NTB

Jubel i Pristina

I hovudstaden Pristina flokka støttespelarane til partiet seg saman for å feire valsigeren, , mange av dei utan munnbind.

Partiet som blir beskrive som venstreorientert og nasjonalistisk, markerte seg opphavleg som ei protestrørsle. Partiet kjempar mellom anna mot korrupsjonen som dei meir etablerte leiarane får skulda for.

Meiningsmålingar viste på førehand at partiet ville hamne på ein klar førsteplass, men at det kanskje ikkje vil sikre seg reint fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Vetevendosje ser ut til å ligge an til fleirtal og kontroll, om dei slår seg saman med minoritetspartia som 20 av dei 120 seta i nasjonalforsamlinga er reserverte for. Halvparten av dei representerer serbarar.

Albin Kurti i Selvbestemmelsespartiet i Kosovo

Albin Kurti takka for støtten då han talte til valmedarbeidarane sine og media i Pristins søndag kveld.

Foto: FLORION GOGA / Reuters / NTB

Erkjenner nederlag

Partiet PDK som har sete ved makta i ei årrekkje, ligg an til å få rundt 17 prosent av stemmene.

Det konservative LDK-partiet ligg på si side an til 13 prosent. Fram til førre regjeringsskiftet hadde partiet statsministerposten i fire månader.

Både PDK og LDK har erkjent nederlaget. Avtroppande statsminister Avdullah Hoti (LDK) seier at partiet vil bli ein «konstruktiv opposisjon» i nasjonalforsamlinga.

Styrt av tidlegare geriljaleiarar

Dei siste 10 åra har Kosovo for det meste vore styrt av tidlegare geriljaleiarar som stod i spissen for den kosovo-albanske motstanden mot serbiske styrkar på 1990-talet.

Fleire av dei, mellom andre ekspresident Hashim Thaci, sit no fengsla i Haag. Dermed har regjeringspartiet mista ein av dei viktigaste frontfigurane sine. Thaci blir skulda for krigslovbrot under kampane mot serbarane, men har erklært seg ikkje skuldig.

Breiare appell

Ifølgje analytikarar har tapet av Thaci og fleire andre kjende skikkelsar bidrege til å opne vegen for Vetevendosje. Dei trur partiet òg sankar stemmer frå meir moderate veljarar, sjølv om desse er kritiske til den radikale fortida til rørsla og til valdelege demonstrasjonar mot styresmaktene.

Partiet starta på 2000-talet som ei rørsle som kjempa mot eliten og internasjonal påverknad i Kosovo. I 2011 tok rørsla steget inn i partipolitikken, og dei radikale påfunna har vorte tona ned dei siste åra.

Nyvalet i Kosovo vart halde fordi ein forfatningsdomstol har slått fast at den førre regjeringa vart danna ved ugyldig røysting i nasjonalforsamlinga. Vallokala var opne frå klokka 7 til 19 søndag.

SISTE NYTT

Siste nytt