– Vi ventar at oljebrønnen vil bli stengd fullt og heilt laurdag.
Det seier oljeselskapet BP i ei fråsegn berre timar etter at amerikanske styresmakter kunngjorde at ingeniørar har fullført avlastingsbrønnen og no vil pumpe brønnen full av sement og dermed stenge han nedanfrå.
Stengt nedanfrå
Det har teke ein månad å gjennomføre denne operasjonen, etter at BP først hadde fleire mislykka forsøk på å stengje lekkasjen ovanfrå.
- Les også: Nytt forsøk på å stanse lekkasjen
– Når sementeringa av brønnen er fullført, vil vi starte med standard avstenging, seier BP, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
I det siste har det vore ein offentleg debatt rundt kor naudsynt det faktisk er å stengje brønnen nedanfrå, etter at leire og sement har klart å stanse lekkasjen ovanfrå.
- Les også: BP: Vellykket «static kill»
- Les også: BP har brukt 20 milliarder
Siste etappe
Tidlegare denne veka har Thad Allen sagt at brønnen vil vere stengd innan søndag.
– Vi reknar med å halde fram med sementeringa fram til stenginga også nedanfrå er fullført, sa Allen torsdag.
Men den siste etappen har gått lett, og BP reknar no med å stengje av brønnen ein dag tidlegare.
BP brukte 87 dagar på å stanse oljen frå å strøyme ut i Mexicogolfen etter at oljeriggen Deepwater Horizon eksloderte og gjekk ned 20. april. 11 personar omkom i ulykka. Det er vurdert at 780 millionar liter olje lak ut i havet før BP fekk stengd av brønnen.
- Les også: – Det største oljeutslippet til havs