Hopp til innhold

Boris Johnson blir ny leiar for Det konservative partiet

Medlemmane i Det konservative partiet ønskjer Boris Johnson som ny leiar. – No skal vi tru på oss sjølve igjen, sa Johnson, som også vert den neste statsministeren i Storbritannia.

Boris Johnson vart utropt til leiar for Det konservative partiet, og tek dermed over etter Theresa May.

Eit klart fleirtal i partiet ønskjer Johnson som ny leiar. Han fekk nær dobbelt så mange stemmer som motkandidaten Jeremy Hunt.

Dermed har dei kring 160 000 medlemmane også avgjort kven som vert den nye statsministeren i Storbritannia.

Onsdag kjem Theresa May til å søkje avskjed hos dronning Elisabeth, og Johnson får etter alt å dømme oppdraget med å danne ei ny regjering.

Et klart flertall i partiet ønsker Boris Johnson som ny leder.

Eit klart fleirtal i Det konservative partiet ønskjer Boris Johnson som ny leiar.

Lovar «å gi jernet»

– Eg seier til alle som tviler på at vi kjem til å gi ein ny giv, vi skal få att trua på oss sjølve, sa Johnson etter at han vart utpeikt som vinnar.

I den første tala han heldt som leiar for partiet, sa Johnson at han ikkje var skremt av utfordringa med å levere brexit.

– Vi skal få gjennomført brexit 31. oktober, slo Johnson fast frå talarstolen.

Han har vore ein forkjempar for brexit, og vil ta Storbritannia ut av EU når fristen går ut, sjølv om det skulle bety at britane forlèt EU utan noka utmeldingsavtale.

Som statsminister lova han «å levere brexit, samle landet og slå Jeremy Corbyn».

Corbyn er leiar for det britiske arbeidarpartiet Labour, og svarte at Johnson ikkje har vunne støtte hos det britiske folket.

– Johnson har vunne støtte frå færre enn 100 000 ikkje-representative medlemmar av Det konservative partiet ved å love skattelette for dei rikaste, og presse på for ein brexit utan ei avtale, skriv Corbyn på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Intern strid

Johnson har lenge vore den soleklare favoritten til å ta over som leiar. Fleire politikarar har likevel ytra si misnøye med Johnson.

Berre nokre minutt før kunngjeringa, sa statssekretær Anne Milton i det britiske utdanningsdepartementet at ho trekkjer seg. Ho er «alvorleg uroa» for ei mogleg EU-utmelding utan ei avtale.

Laster Twitter-innhold

Johnson har gjort det klart at dei som ønskjer å sitje i regjeringa hans, må akseptere at ein såkalla «hard brexit» kan skje.

Like etter at resultatet var klart skreiv også justisminister David Gauke at han går av. Både han og finansminister Philip Hammond hadde på førehand varsla ta dei kom til å gå av dersom Johnson vart vald.

Måndag valde også Alan Duncan å trekkjer seg som statssekretær i Det britiske utanriksdepartementet, og sa at han ikkje kan jobbe for Johnson.

Duncan har skulda Johnson for «forakteleg inkompetanse» etter at han ikkje forsvarte USA-ambassadør Kim Darroch mot angrep frå USAs president Donald Trump.

Darroch hadde i ei rekkje dokument omtalt Trump som uskikka og klønete. Desse vart lekte til media, og ambassadøren valde til slutt å gå av. Trump svarte med å kritiserte både ambassadøren og statsminister Theresa May.

Johnson, May og Trump

Trump har kritisert May for måten ho har handtert brexit på. Han har også sagt at den gode nyheita var at Storbritannia snart skulle få ein ny statsminister.

Foto: Matt Dunham / AP

– Thatcher med vilt hår

Johnson har fleire gongar blitt samanlikna med den amerikanske presidenten.

Tidlegare leiar for republikanarane i Representanthuset, Newt Gingrich, kallar Johnson for Storbritannias Donald Trump.

Laster Twitter-innhold

– Fest setebeltet og førebu dykk på ein vill tur, skriv Gingrich.

Han seier at europeiske byråkratar kjem til å merke at Johnson er mykje smartare og tøffare enn forgjengaren.

– Tenk Margaret Thatcher med vilt hår, skriv Gingrich.

Trump var også raskt ute og gratulerte Johnson med jobben som ny britisk statsminister.

– Han kjem til å vere storarta!

Laster Twitter-innhold

Hunt og Johnson

Kampen om leiarvervet i Det konservative partiet stod mellom Jeremy Hunt og Boris Johnson.

Foto: Stefan Rousseau / AP

Får skryt frå rivalen

Johnson får også skryt frå rivalen Jeremy Hunt, som takkar Johnson for kampen. Hunt gratulerer Johnson med ein godt gjennomført valkamp, og ønskjer han alt vel.

Laster Twitter-innhold

– Du kjem til å bli ein framifrå statsminister for landet i denne avgjerande tida, skriv Hunt.

Det er ikkje venta at Hunt, som tok over jobben som utanriksminister frå Johnson for eitt år sidan, får vere med vidare når Johnson skal leggje regjeringskabalen.

Avtroppande statsminister Theresa May har også gratulert arvtakaren med leiarvervet, og lovar å støtte han i Underhuset.

Johnson har vore sterkt kritisk til måten May har handtert brexit på, og det var etter eit regjeringsmøte om EU-utmeldinga at han gjekk av som utanriksminister.

EUs sjefforhandlar, Michel Barnier, seier han ser fram til å samarbeide konstruktivt med Johnson for å ratifisere avtala May signerte.

Også den franske presidenten Emmanuel Macron håpar å få jobbe med Johnson så snart som råd, mellom anna om spenningane med Iran.

Leyen og Macron

Påtroppande leiar for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen seier at ho håpar på konstruktive samtalar med Johnson.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Iran gratulerer Johnson

Utanriksministeren i Iran, Mohammad Javad Zarif, sluttar seg også til rekkja med gratulasjonar, men kom også med ei åtvaring.

Før helga blei eit britiskregistrert tankskip tatt i arrest av den iranske revolusjonsgarden i Hormuzstredet.

– Iran ønskjer ingen konfrontasjon. Men vi har 2.400 kilometer kystlinje i Persiabukta. Dette er vårt farvatn, og det vil vi verne, skriv Zarif.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt