Ambassadør går av etter krangel med Trump

Den britiske ambassadøren til USA går av, og seier at den noverande situasjonen gjer det umogeleg for han å halde fram i jobben.

US-JANET-YELLEN-DELIVERS-REMARKS-AT-NATIONAL-ECONOMISTS-CLUB'S-A

GÅR AV: Den britiske ambassadøren Kim Darroch går av umiddelbart i etterkant av ein open strid med USAs president Donald Trump.

Foto: ALEX WONG / AFP

– Situasjonen er slik at eg ikkje er i stand til å utføre jobben min slik eg ynskjer, skriv ambassadør Kim Darroch på britisk UD sine heimesider.

Den britiske ambassadøren har vore i hardt ver sidan avisene har fått tak i hemmelege rapportar som Darroch har sendt til sjefane sine i London.

Darroch skriv mellom anna at Trump er «inept», noko som på engelsk rett og slett betyr udugeleg. Og at presidenten er unikt dysfunskjonell og at karriera til den amerikanske presidenten truleg ville ende vanære.

Twitterstorm mot ambassadør

Trump har på sitt sedvanlege vis svart ambassadøren på Twitter.

Trump kalla Darroch mellom anna «ein pompøs tosk» - «veldig dum fyr» og kanskje mest oppsiktsvekkande at han «ikkje lenger ville ha noko å gjere med Storbritannias ambassadør».

Laster Twitter-innhold

Dette har i praksis gjort det umogeleg for ambassadøren å gjere jobben sin, som nettopp er å pleie forholdet til Det kvite hus.

– Sjølv om eg ikkje skulle reise heim før i slutten av året, så meiner eg at i lys av omstenda, at det mest ansvarlege er å utnemne ein ny ambassadør, skriv Darroch på britisk UD sine heimesider.

Balansegang

Storbritannias utanriksminister Jeremy Hunt har prøvd å dempe konflikten ved å seie at den britiske regjeringa ikkje støttar synet til ambassadøren, men at dei samstundes meiner at ein ambassadør må få lov til å gje regjeringa private råd.

Denne balansegangen har tydelegvis ikkje virka, og for å berge det britane kallar «The special relationship» med USA, måtte ambassadør Darroch pakka kofferten nokre månadar tidlegare enn planlagt.

SISTE NYTT

Siste nytt