Hopp til innhold

Boaty McBoatface finn «eineståande data»

Den verdskjende ubåten Boaty McBoatface kjem attende frå sin fyrste forskingstur til den antarktiske havbotnen. Der har han samla inn data om temperaturar og havstraumar.

An unmanned submersible known as 'Boaty McBoatface' hangs from a crane during the keel laying ceremony of the new polar research vessel the Sir David Attenborough, at the Cammell Laird ship yard in Birkenhead, northern England

EIN GUL UBÅT: Skaparane av Boaty McBoatface tenkte kanskje på Beatles-songen «Yellow Submarine» da dei valde farge.

Foto: Phil Noble / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Forskarar har samla inn data frå nokre av verdast kaldaste havdjup med hjelp av Boaty McBoatface, skriv mellom andre CNN.

Den ubemanna forskingsubåten kom heim til Storbritannia førre veke, etter å ha vore på den fyrste havreisa si til Antarktis. Boaty var med på å samle inn data om temperaturar, fart på havstraumar og undervassturbulens i Orkney-passasjen. Passasjen er eit område i Sørishavet, og er rundt 4000 meter djup.

Boaty McBoatface
Foto: Povl Abrahamsen / British Antarctic Survey

Forskar på klimaendringar

Dei innsamla dataa vil bli analyserte for å finne ut meir om kva som skjer når kaldt vatn frå det djupe havet i Antarktis møter varmare vatn på veg mot ekvator.

Forskarane i ekspedisjonen trur havstraumane heng saman med dei globale klimaendringane.

«Vi kunne aldri samla inn så mykje data utan Boaty. Fram til nå kunne vi berre ta målingar frå eit fastsett punkt. Men nå kan vi få eit mykje meir detaljert bilde av kva som skjer i det svært viktige undervasslandskapet.»

Det seier professor Alberto Naveira Garabato ved Universitetet i Southampton i ein uttalelse. Garabato er den leiande forskaren i ekspedisjonen frå British Antarctic Survey.

Namnekonkurranse tok av

RRS SIR DAVID ATTENBOROUGH: Skisse av polarfartøyet som eigentleg skulle heite Boaty McBoatface.

Foto: Ho / AFP

Ubåten fekk namnet sitt da det britiske rådet for miljøforskning (NERC) utlyste ei namnekonkurranse. Folk skulle eigentleg få bestemme kva det nyaste polarforskingsskipet deira skulle heite.

Avstemminga tok heilt av, og namnet Boaty McBoatface vart den klare vinnaren av kåringa.

Til trass for populariteten til namnet, vart fartøyet oppkalla etter den kjende tv-personlegheita og naturelskaren Sir David Attenborough. Som trøyst fekk den lille forskingsubåten overta det demokratisk valde namnet.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt