Galizia har blant anna avslørt at kona til statsministeren hadde hemmelege bankkonti i Panama, og ho har ope kalla stabssjefen til statsministeren ein skurk.
Ho har stått sentralt i dei såkalla Panama-avsløringane, der ho har skulda mange maktmenneske på turistøya i Middelhavet for korrupsjon.
Sonen hennar, Matthew Galicia, seier til avisa
at han aldri kjem til å gløyme synet som møtte han då han kom til staden der bilen til mora gjekk i lufta.– Ei barbarisk handling
– Eg sprang rundt i infernoet på jordet der bilen hennar hamna og prøvde å finne ein måte å opne døra på. To politimenn stod der med eit lite brannsløkkingsapparat. Eg ropte at dei måtte bruke det, seier Matthew Galizia.
Dei svarte at det var for seint. Han fortel at då han såg kroppsdelane til mora i bilen, så forstod han at det ikkje var mogleg å gjere noko.
Statsministeren på Malta, Joseph Muscat, fordømde i går kveld drapet på Caruana Galizia i sterke ordelag, og han lova å finne dei skuldige.
– Alle veit at Caruana Galizia var ein skarp kritikar av meg, både politisk og personleg, men ingenting kan rettferdiggjere ei slik barbarisk handling, heiter det i kunngjeringa.
Han gjorde det klart at han har bede det føderale amerikanske politiet FBI om å hjelpe til i etterforskinga.
Nyval og attval
Avsløringane av kona til statsministeren vekte stor merksemd på Malta, og det vart lyst ut nyval. Muscats parti fekk fleirtal og han kunne halde fram som statsminister.
Caruana Galizia fekk drapstruslar for to veker sidan. Ho skal ha meldt truslane til politiet, men det er uklart kven som sette fram truslane eller kvifor. Politiet seier at dei ikkje har fått melding om truslar mot henne.
Kort tid etter drapet i går ettermiddag la ein politimann ut følgjande melding på Facebook: «Alle får det dei fortener. Kjenner meg glad».
Meldinga på Facebook er no sletta, men mange har kravd at politimannen må fjernast frå jobben sin. Han er no suspendert frå stillinga si, ifølgje Times of Malta.
Matthew Galizia kommenterte denne Facebook-posten på denne måten:
– Dette var ein mann som eigentleg skulle etterforska drapet. Dette viser kva vi er, ein mafiastat der du blir blåst i lufta for å bruke dei grunnleggjande rettane dine. Korleis blei det slik?
– Skurkar og udugelege
Han er ikkje imponert over at statsminister Muscat i går lova at han skulle gjere alt for å finne dei ansvarlege for drapet på mora.
– Det første han gjorde var å fylle administrasjonen sin med skurkar. Så plasserte han skurkar og udugelege menneske i politiet. Deretter fylte han også rettsstellet med skurkar og udugelege, seier Matthew Galizia.
Han er sjølv undersøkande journalist og medlem av International Consortium of Investigative Journalists. Han er ikkje i tvil om at mora vart drepen fordi ho provoserte dei som bryt lovene i landet, og fordi styringsmaktene er handlingslamma.
I går kveld strøymde fleire tusen menneske ut i gatene i Sliema, heimbyen til Galizia, for å vise si støtte og protestere mot drapet.