Hopp til innhold

Ber Wall Street støtte reformar

– Kjemp med oss, ikkje mot oss, ber USA-president Barack Obama i ein tale retta mot finansgigantane på Wall Street.

Obama taler om finanskrise

USA-president Barack Obama vil reformere Wall Street.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Wall Street følgjer talen til Obama

Wall Street følgjer med på talen til Obama på jobb.

Foto: Mark Lennihan / AP

Obama ber Wall Street godta dei økonomiske reformane han har lagt fram. Om ikkje, vil finanskrisa gjenta seg, åtvarar han.

Oppfordringa kjem samtidig som arbeidet med reformforslaget nermar seg slutten i Senatet. Sjølve avstemminga vil truleg skje i neste veke.

– Livsnødvendig

Å få innført reguleringar i finansverda, har blitt Obama sitt nye topprosjekt etter at helsereformen vart vedteken.

– Det er livsnødvendig at vi lærer av den noverande krisa, slik at vi ikkje tvingar oss til å gjenta ho, sa Obama ein tale i dag, melder nyheitsbyrået Reuters.

Obama vendte seg til dei han kallar gigantane i den amerikanske industrien. Han ber Wall Street om å "kjempe med oss, ikkje mot oss" i kampen for å kome ut av finanskrisa.

Les også: Obama kjemper for bankreform | Vil ha nye finansregler innen september

– Best for alle

Ifølgje Obama vil reformane gjere slutt på at skattebetalarane må betale for redningsaksjonar for næringslivet. Han meiner heile landet vil ha interesse av at reformane blir innførte, også sjølve finanssektoren.

Han åtvara om at ein ikkje tok seg nytte av denne sjansen, ville tide gå frå dei. Når avstemminga i Senatet no nermar seg, har også motstandarane til Obama i Det republikanske partiet allereie starta å dempe kritikken mot forslaget.

– Som i 1929

Obama peikar tilbake til børskrakket i 1929 og viste til at finanskrisa kan velte dei største finansselskapa i verda. Han gjorde det heilt klart at finanskrisa var eit resultat av at verken Wall Street eller Washington tok ansvar.

– Meininga med ein fri marknad er ikkje at folk berre skal ta alt dei greier å få kloa i, påpeikar Obama.

Han seier dei som arbeider mot reformane, gjer seg sjølve ei bjørneteneste.

Strengare reglar

Ein komité i Senatet stemte onsdag for å avgrense måtane bankane kan handle med såkalla derivatar. Dette finansinstrumentet er skulda for å ha bidrege til krisa som oppstod i 2008.

– Tida er inne for dristige endringar og store avgjerder om framtida til USA og det globale finanssystemet, seier den demokratiske senatoren Blanche Lincoln.

Også Det internasjonale pengefondet (IMF) har lagt fram eit forslag om å innføre globale avgifter på bankar og andre finansinstitusjonar.

Lobby for å hindre

Finansnæringa i USA driv lobbyaktivitet mot amerikanske politikarar og prøver å hindre at den nye reformen skal legge for store avgrensingar på dei.

Finansselskapa har dei siste åra gitt meir i pengestøtte til Det demokratiske partiet enn til Republikanarane, men dette er no på veg til å snu.

Demokratane treng støtte frå minst éin republikanar for å for reformforslaget gjennom i Senatet. Om det blir vedteke, må det samordnast med eit tidlegare vedtak i Representantenes hus.

SISTE NYTT

Siste nytt