Cameron åtvarar mot heksejakt på homofile

Storbritannias statsminister David Cameron åtvarar mot heksejakt på homofile i samband med overgrepsskandalen der profilerte politikarar skal ha vore innblanda.

Storbritannias statsminister David Cameron.

Storbritannias statsminister David Cameron åtvarar mot heksejakt på homofile.

Foto: Jon Super / Ap
Bent Tanstad
Journalist

Statsministeren åtvara om heksejakt i programmet «This Morning» på ITV i dag, etter at programleiaren la fram ei liste over personar som skulle ha ei pedofil legning. Desse namna hadde dukka opp på ulike kommentarfelt i saker om den store overgrepsskandalen frå Wales på 1970- og 1980-talet.

Tidlegare toppfigur

Ein namngitt person har stått fram og sagt at han vart misbrukt av ein tidlegare toppfigur i Det konservative partiet medan han budde på ein barneheim i Wales. Han seier at dei to granskingane som har vore gjennomførte, på langt nær har avdekt alt som skjedde.

Politikaren det er snakk om skal ha hatt ei sentral stilling då Margaret Thatcher var statsminister på 80-talet.

Varslaren seier at granskarane ikkje ville høyre på det han hadde å seie om den tidlegare toppolitikaren. Saka har fått ny aktualitet etter avsløringa av skandalen rundt den avdøde programleiaren Jimmy Savile .

LES OGSÅ: Cameron: Overgrepsanklagene sjokkerer hele landet

Heksejakt

David Cameron seier at det no er viktig å få slått fast kva som er sant, så snart som mogleg. Då han fekk overrekt lista over namn i fjernsynsstudio i dag, såg han ikkje på namna. Men han kom med ei åtvaring.

– Det er stor fare for, om vi ikkje er forsiktige, at dette kan utvikle seg til ei heksejakt, og særleg mot homofile. Eg er uroa over at slikt som dette skjer, at de gir meg ei liste med namn de har henta frå Internett, sa han.

Ein av rådgjevarane til Cameron seier til BBC at det å gi denne lista til Cameron direkte på fjernsyn var eit dumt stunt, og at det var uansvarleg. Den konservative parlamentsmedlemen Rob Wilson har meldt programmet til Ofcom, som kan samanliknast med Pressens faglege utval eller Kringkastingsrådet her i landet.

– Feil kameravinkel

Programleiar Phillip Schofield har seinare beklaga det, dersom namn på lista var synlege for sjåarane under sendinga. Det var aldri meininga, seier han, og seier at det i tilfelle må skuldast ein utilsikta feil kameravinkel.

– Eg ville aldri kunne delta i ei heksejakt, seier han.

Det konservative partiet stadfestar at dei etterforskar om ein av deira politikarar frå Thatcher-perioden var innblanda i overgrepsskandalen i Wales.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt