Hopp til innhold

Barkebille kan knekke økonomien

Hissige og raskt formeirande barkebiller kan øydeleggje økonomien til den enorme tømmerindustrien i Canada i løpet av få år.

Eit sterkt forstørra bilete av ei kanadisk fjell-barkebille.

Denne barkebilla og slektningane hennar skapar store problem for den kanadiske tømmerindustrien.

Foto: Canada Healthcare / Scanpix/Reuters

Dette går fram av ein rapport frå The International Wood Markets Group.

Naturkatastrofe

Barkebille-angrepet på gran og furu i skogane i spesielt British Columbia, er så alvorleg at det i rapporten blir snakka om ein av dei verste naturkatastrofane i Nord-Amerika nokon gong, skriv avisa The Vancouver Sun .

Under vinter-OL i februar fekk vi ein del glimt av dei enorme skogsområda i fjellområda utanfor vertsbyen Vancouver. No viser det seg altså at det står alt anna enn bra til med dei kanadiske skogane.

- Dei store sagbruka kan gå tom for tømmer i løpet av dei neste tre til fem år. Dette vil få vidtfemjande økonomiske ringverknader, der Canada kan miste halvparten av sin del av den amerikanske tømmermarknaden, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Økosystemer tipper over

LES OGSÅ: Barkebilleboom i Midt-Norge kan true skogen

Ein milliard kubikkmeter

Den hissige barkebilla, pine beetle på engelsk, er venta å drepe ein milliard kubikkmeter tømmer i British Columbia. Det vil truleg føre til stor mangel på tømmer på den amerikanske marknaden, og dermed vil prisane skyte i veret.

Russel Taylor, president i International Wood Markets Group, trur mange store sagbruk vil måtte leggje ned. Han trur at så mange som 16 av dei verkeleg store sagbruka kan bukke under dei nærmaste åra.

Han trur også på alvorlege ringverknader for fleire viktige næringar på det nordamerikanske kontinentet.

LES OGSÅ: Barkebilleinvasjon

LES OGSÅ: Barkebille-boogie

LES OGSÅ: Færre granbarkbiller

LES OGSÅ: Hjelp - barkebillen kommer!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt