Hopp til innhold

Balsamering - ein gammal tradisjon - men mest for diktatorar

Den avlidne venezuelanske presidenten Hugo Chávez skal balsamerast. Dermed følgjer han i tradisjonen til fleire store diktatorar.

Huhgo Chavez på paradeseng i Caracas.

Hugo Chávez ligg no på paradeseng i Caracas. Seinare skal liket hans balsamerast og leggjast i ei glaskiste i Revolusjonsmuseet.

Foto: HO / Afp

I moderne tid er det ikkje så mange statsleiarar som har vorte balsamerte og lagt i glaskiste for at folk i alle tider skal kunne ta dei i augesyn. Dei aller fleste som har vorte balsamerte har i stor grad vore diktatorar.

Kim Jong-il

Ekte diktator og balsamert. Nord-Koreas tidlegare president Kim Jong-il.

Foto: KOREA NEWS SERVICE / Reuters

Det er ulike meiningar om Hugo Chávez (1954-2013) kan plasserast i denne kategorien, det er grunn til å minne om at han vart valt til president fire gonger i demokratiske val.

Ein ekte diktator

Den siste presidenten som vart balsamert var Nord-Koreas Kim Jong-il (1941-2011), og her er det liten grunn til å så tvil om diktatorkategorien. Han var ein fullblods diktator, som arva makta etter faren, som var ein like ekte diktator.

Han vart balsamert og lagt ved sidan av faren, den store nasjonsbyggjaren Kim Il-sung (1912-1994), som også fekk same behandlinga. Når tredje generasjon av familien, Kim Jong-un har teke over som president, ligg faren og bestefaren i glaskister i same mausoleet.

Ein annan diktator i dei balsamerte sine rekkjer er Ferdinand Marcos, som var president på Filippinane frå 1965 til 1986.

Kim Jong-Ils mausoleum i Pyongyang.

I dette mausoleet i Pyongyang ligg både Kim Il Sung og Kim Jong-il sine balsamerte lik.

Foto: Ap

Mannen som blir rekna som Sovjetunionens far, Vladimir Lenin, opprinneleg Vladimir Iljitsj Uljanov, (1870-1924) vart balsamert, og han ligg framleis i Lenin-mausoleet i Moskva. Dette er ope for publikum store delar av året og er framleis ein stor turistattraksjon i den russiske hovudstaden.

Kø utenfor Lenin-mausoleet i Moskva

Lenin-mausoleet i Moskva er framleis ein stor turistattraksjon.

Stor helt

Likevel er det politisk strid om kva som skal skje med liket av Lenin. Fleire gonger dei siste åra har politikarar teke til orde for at han skal leggjast i ei vanleg grav.

Noko avgjerd om dette er enno ikkje teken, for det er mange i Russland som framleis ser på Lenin som ein stor helt. Kanskje særleg for dei som opplevde andre verdskrigen.

Mao Zedong-mausoleet i Beijing.

Mao Zedong sitt mausoleum i Beijing er ein stor turistattraksjon.

Foto: STR / AFP

Også den tidlegare herskaren i Kina, Mao Zedong (1893-1976), er i den eksklusive gruppa av politiske leiarar som er balsamerte for at ettertida skal få oppleve dei. Han er plassert i eit mausoleum på Tiananmen-plassen, og er ein av dei store turistattraksjonane i Beijing.

Granittmausoleum

Ho Chi Minh (1890-1969), den store fridomshelten i Vietnam, er også balsamert. Han ligg i ein mausoleum bygd av granitt i Hanoi, bygd etter modell av Lenins mausoleum i Moskva.

Det høyrer med til historia at dette var imot hans eige ynskje. Han ville kremerast, og ville at oska hans skulle gravast ned på tre fjelltoppar, ein i kvar av hovudregionane i Vietnam.

Ho Chi Minh-mausoleet i Hanoi.

Ho Chi Minh-mausoleet i Hanoi ligg sentralt i den vietnamesiske Hovudstaden.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Ifølgje Wikipedia sa Ho Chi Minh dette: «Ikkje berre er kremasjon bra frå eit hygienisk synspunkt, det sparer også jordbruksland».

Den myteomspunne presidentfrua og seinare presidenten Evita Peron (1919-1952) i Argentina vart også balsamert, men liket av henne vart borte under ein revolusjon. Ho vart seinare gravlagd i Italia.

Også i Sverige

Karl XII

Karl XII er ein av dei balsamerte svenskekongane.

Foto: Okänd fotograf / SCANPIX

Balsamering er ein gammal tradisjon, og det var dei gamle egyptarane som fann opp kunsten. Ifølgje Store Norske Leksikon er balsamering kjent frå cirka 3000 før Kristus. Balsamering har også vore kjent hos inkaene i Peru.

Det finst eksempel på balsamering også på våre kantar, blant anna hos naboane våre i Sverige. Fleire kongar frå og med Gustav Vasa har vore balsamerte på egyptisk vis.

Liket til Karl XII skal ha vorte behandla med heile 70 ingrediensar, ifølgje Store Norske.

Her i landet har det aldri vore nokon tradisjon med balsamering.

SISTE NYTT

Siste nytt