Hopp til innhold

Baengnyeong: – Stille før stormen

Sørkoreanarar samlar vatn, mat og tepper og førebur seg på det verste før militærøvinga mellom Sør-Korea og USA søndag.

Sørkoreanske turistar ser mot Nord-Korea frå Baengnyeong

Sørkoreanske turistar ser mot Nord-Korea frå Baengnyeong.

Foto: Park Ji-ho / Ap

Sørkoreanske soldatar følgjer med frå Baengnyeong

Sørkoreanske soldatar følgjer med frå Baengnyeong under ei øving i sommar.

Foto: Seo Myung-gon / Ap
Sørkoreanske soldatar på veg til Baengnyeong

Sørkoreanske soldatar på veg til Baengnyeong.

Foto: Ha Sa-hun / Ap

– Eg har sagt til kona mi at ho må samle opp drikkevatn, hurtigmat og tepper, sier ein mann som berre går under namnet Kim.

Han bur på øya Baengnyeong, 11 kilometer frå den nordkoreanske kysten, enda nermare Nord-Korea enn Yeonpyeong som vart angripe tysdag .

Kjem seg ikkje vekk

Kim seier han har prøvd å få tak i ferjebillettar til seg, kona og barna for å kome seg til fastlandet, men at det ikkje har vore mogleg.

Det er no halvert ferjetrafikk på grunn av den auka spenninga mellom Nord- og Sør-Korea.

– Det kjennest som at det er stille før stormen før øvinga mellom Sør-Korea og USA på søndag, seier den 37 år gamle statstenestemannen.

Fyller naudlageret

Ein annan tenestemann ved eit administrasjonskontoret, Kim Jung-Sun, på Paengnyeong seier dei fyller på naudlageret med mat, tepper og stearinlys 50 stader på øya.

Han seier også at innbyggjarane på øya er vande med flyangrepsøvingar og at dei veit kva dei skal gjere om eit angrep kjem.

Øya Baengnyeong ligg i området der Nord-Korea er skulda for å ha senka det sørkoreanske marinefartøyet Cheonan i mars i år .

Skipet vart delt i to og gjekk ned utanfor kysten av Nord-Korea 26. mars. 58 av mannskapet vart redda, 46 omkom.

Hendinga var den verste militære hendinga for Sør-Korea sidan Koreakrigen på 1950-talet.

Video Krever tøffere tiltak mot Nord-Korea

Sørkoreanske demonstrantar krev tøffare tiltak mot Nord-Korea.

SISTE NYTT

Siste nytt