Hopp til innhold

Australske spesialsoldatar bak 39 drap i Afghanistan

Spesialsoldatar frå Australia er skuldige i 39 drap på sivile og ikkje-stridande i Afghanistan, konkluderer ei gransking av moglege krigslovbrot.

General Angus Campbell

Den øvste militæe sjefen i Australia, general Angus Campbell, tilrår at soldatane vert tiltalte for krigslovbrot.

Foto: MICK TASIKAS / AFP/NTB

Den øvste militære sjefen i Australia, general Angus Campbell, innrømmer at det er truverdige bevis for at soldatar i landets elitestyrkar urettvist har drepe sivile, ikkje-stridande og personar som var tekne til fange eller såra.

Forsvarstopp orsaka

– Til folket i Afghanistan, på vegner av det australske forsvaret, ber eg på det sterkaste om orsaking for lovbrot gjort av australske soldatar, sa general Campbell torsdag. Han tilrår at dei involverte soldatane vert tiltalte for krigslovbrot.

Den fire år lange granskinga har avdekt 23 hendingar av det som blir omtalt som ulovlege drap i Afghanistan i perioden 2003 til 2016. Opp mot 39 menneske døydde som følgje av dette. Granskinga er gjort av generalinspektøren i det australske forsvaret.

I alt 19 aktive soldatar kan bli tiltalte og eventuelt straffa som følgje av funna i granskingsrapporten, skriv The Sydney Morning Herald.

Æresvakt fra det australske forsvaret forut for presentasjonen av granskningsrapporten

Australske soldatar sto æresvakt utanfor då forsvarssjefen gjorde greie for funna i granskingsrapporten. Desse soldatane er ikkje dei same som er omtalte i rapporten.

Foto: STRINGER / Reuters/NTB

«Giftig konkurranse»

Den omfattande rapporten er hemmelegstempla, men ei oppsummering er offentleggjord. Rapporten byggjer på meir enn 400 intervju med soldatar og offiserar i spesialstyrkane SAS og Commando, støttepersonell, tolkar og sivile afghanarar.

Granskinga har avdekt ein «giftig konkurranse» og ein «sjølvsentrert krigarkultur» blant Special Air Service Regiment (SAS). Det førte ifølgje Campbell til at nokre soldatar tok snarvegar og ignorerte og tøya reglane.

– Nokre patruljar tok lova i eigne hender, reglar vart brotne, historier dikta opp, løgner fortalde og fangar drepne, seier forsvarssjefen.

Uklare motiv

Campbell seier drapa tok til i 2009, mens dei fleste skjedde i 2012 og 2013.

Motivet for desse handlingane kjem ikkje klart fram i den tilgjengelege oppsummeringa, men handlingane skal ha vore sterkt påverka av «psyken til den aktuelle patruljesjefen».

– Det verker delvis å vere ein intensjon om å «rydde» slagmarka for folk som kunne vere opprørarar, uavhengig av folkeretten; å «innvige» nye soldatar i laget og å kunne vise til fleire fiendar drepne enn andre lag i troppen, heiter det i rapporten.

Scott Morrison

Statsminister Scott Morrison lovar at han skal følgje opp saka.

Foto: Lukas Coch / AP/NTB

Ba Australia vere førebudd

Den australske regjeringa og statsminister Scott Morrison har forsøkt å kome rapporten i forkjøpet ved å be folk om å førebu seg på ei «ærleg og brutal sanning».

Morrison ringde onsdag til sin afghanske motpart for å førebu han på «nokre urovekkjande påstandar» som regjeringa tar «på største alvor».

President Ashraf Ghanis kontor har ei ulik oppfatning av samtalen og seier i ei rekke meldingar på Twitter at Morrison «uttrykte sine djupaste orsakingar for ugjerningane» – ein karakteristikk som vart sterkt dementert frå australsk hald.

Laster Twitter-innhold

Utnemnde spesialetterforskar

Ein spesialetterforskar skal no gå gjennom sakene og avgjere om det skal reisast tiltale for krigslovbrot.

– Det er viktig å ta vare på forventingane og håpa som det australske folket har til dei væpna styrkane, og til korleis soldatar utøver virket sitt. Dette krev at vi handsamar realitetane på ein ærleg og brutal måte, på område der forventningar og standardar kanskje ikkje har vorte oppfylte, seier statsminister Morrison.

SISTE NYTT

Siste nytt