Hopp til innhold

Sju rakettar trefte gigantdam i Ukraina – Russland trappar opp krigen

Russland angreip i morgontimane fredag eitt av verdas største damanlegg i Zaporizjzja søraust i Ukraina. Russiske styresmakter seier dei no er i krig med Ukraina.

zaporizjzjia dam brenner

Dammen i Zaporizjzja vart treft av fleire rakettar i morgontimane fredag.

Foto: Ukrainska Pravda

Bilete frå det som heiter Dnipro vasskraftverk i Zaporizjzja viser at det russiske angrepet mot anlegget har vore svært omfattande.

Det brann i morgontimane i kraftverket som ligg under sjølve dammen, og det var også brannar oppe på vegen som går over det gigantiske anlegget.

zaporizjzjia

Ein trolleybuss står i brann på vegen som går over dammen i Zaporizjzja.

Foto: Ukrainska Pravda

Ein trolleybuss blei også treft og kom i brann. Ukrainske medium meldar no at den 62 år gamle sjåføren miste livet, men at det elles ikkje var passasjerar på bussen.

Ei åtte år gammal jente og faren hennar på 35 vart drepne som følge av angrepet på Zaporizjzja i dag opplyser sjefen for den militære administrasjonen i området Ivan Federov.

Sju rakettar trefte anlegget

Det ukrainske forsvaret seier fredag ettermiddag at sju rakettar trefte kraftverket i Zaporizjzja.

Det skal ikkje vere umiddelbar fare for at sjølve dammen skal breste.

Dnipro-dammen og kraftverket under er det største vasskraftverket i Ukraina.

Det var bygga på slutten av 1920-talet, men var sterkt øydelagt under 2. verdskrig.

På 1950-talet blei det teke i bruk igjen og har seinare vore modernisert fleire gongar.

Zaporizjzjia - dammen brenner

Dette bilete er tatt ovanfor dammen i Zaporizjzja, etter dagens russiske angrep.

Foto: Reuters

Fryktar for kjernekraftverk

Også straumforsyninga til kjernekraftverket i Zaporizjzja skal vere ramma. Ein av dei to straumkablane inn til kraftverket er kutta.

Kraftverket ligg på russisk-okkupert område sørvest frå Zaporizjzja by.

– Situasjonen er ekstremt farleg, og vi risikerer han kan utløyse ein naudssituasjon, seier det ukrainske kjernekraftselskapet Energoatom.

Dersom den siste straumlinja skulle bli kutta, og kraftverket blir straumlaust, fryktar selskapet for tryggleiken ved kraftverket.

Kjernekraftverket i Zaporizjzja i Ukraina

Kraftforsyninga til kjernekraftverket i Zaporizjzja skal vere ramma i eit russisk angrep natt til fredag.

Foto: OLGA MALTSEVA / AFP

– Fienden gjennomførte det største angrepet mot ukrainske energiforsyninga i nyare tid, sa den ukrainske energiministeren Herman Halusjtsjenko, ifølge AFP.

Også Ukrainas nest største by Kharkiv er angripen. Byen er no heilt utan straum og vatn seier ordførar Igor Terekhov i en videomelding på sosiale medium.

Angrep Kharkiv

Angrepa mot denne transformatorstasjonen i Kharkiv har lamma elektrisitetsforsyninga i millionbyen.

Foto: Reuters

Ukrainske styresmakter seier minst fem personar vart drepne i dagens angrep, 15 skada.

Kreml – Vi er i krig

Pressetalsmann for den russiske presidenten Vladimir Putin, Dmitrij Peskov, seier fredag føremiddag at Russland no er i ein krigsliknande tilstand i Ukraina, grunna den vestlege støtta til landet.

Tidlegare har russiske styresmakter kalla det fullskala-angrepet som starta 24. februar 2022 for ein spesialoperasjon.

Russiske styresmakter seier angrepa i dag er ein hemn for at Ukraina den siste tida i aukande grad har angripe mål inne i Russland.

Russiske frivillige som slost på ukrainsk side, har også gått inn i Belgorod og Kursk fylke sørvest i Russland.

Les også Russiske frivillige angrep Russland

Russiske frivillige i Ukraina

Zelenskyj – målretta angrep

Det ukrainske luftforsvaret seier dei skaut ned 92 av 151 rakettar og dronar som blei skotne i det omfattande russiske angrepet mot Ukraina.

Minst to er drepne og 14 skadde i angrepet, melder Reuters.

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj kallar bombinga natt til fredag for målretta.

– Verda ser måla til russiske terroristar klart og tydeleg: kraftverk og kraftlinjer, ei demning, vanlege bustadbygg, til og med ein elektrisk buss, skriv han på meldingstenesta Telegram.

Ifølge ei melding frå presidentens kontor er over ein million ukrainarar utan straum etter angrepet natt til fredag, melder Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.