NRK Meny
Normal

Angrep på leir med nordmenn i Sinai-ørkenen

Rasande demonstrantar tok seg i kveld inn i ein leir med internasjonale fredsobservatørar i Sinai-ørkenen ved grensa mellom Egypt og Israel.

Rasande demonstrantar kom seg inn i MFO-leiren i Sinai.

Dei rasande demonstratane greidde å kome seg inn i MFO-leiren i Sinaiørkenen.

Foto: STR / Afp

Det er 1500 observatørar frå 12 land i MFO-leiren, og det er to norske offiserar blant dei. Det er meldt at fem personar er såra, fire frå MFO-styrken og ein

MFO-leir i Sinaiørkenen.

Ein demonstrant kom seg opp i vakttårnet i leiren og heiste eit islamistisk flagg.

Foto: STR / Afp

opprørar. Angriparane sette blant anna fyr på fleire køyretøy og heiste eit islamistisk flagg i leiren. MFO står for Multinational Force and Observers, www.mfo.org/

Dei såra observatørane er alle frå Colombia. Dei er sende til sjukehus i Israel, melder nyheitsbyrået Ap.

40 demonstrantar

Normalt er det tre nordmenn i leiren, men ein av dei er heime i Noreg på permisjon.

Pressetalsmann Vegard Finberg i Forsvaret stadfestar overfor NRK.no at rundt 40 demonstrantar tok seg inn i MFO-leiren i dag. Dei fjerna seg då soldatar frå den egyptiske hæren kom til staden.

Han kjenner ikkje til om inntrengjarane var væpna, men det skal ha vore høyrt skot utanfor leiren. Det var tidlegare i dag ein større demonstrasjon i eit område utanfor leiren.

Muhammed-demonstrasjonar

Oberstløytnant Vegard Finberg

Oberstløytnant Vegard Finberg er pressetalsmann i Forsvaret.

Foto: Forsvaret

Angrepet blir sett som del av dei omfattande demonstrasjonane i fleire land i Midtausten mot ein amerikansk film som framstiller profeten Muhammed svært negativt.

Det har ikkje lukkast NRK.no å kome i kontakt med nokon av nordmennene i leiren, oberst Sven Harald Halvorsen og oberstløytnant Geir Odd Romsås.

NRK.no har snakka med kona til Geir Odd Romsås, Aud Romsås. Ho fortel at mannen ringde til henne for å fortelje at han var på ein trygg stad. Han fortalde også at fredsstyrken hadde bede om assistanse frå den egyptiske hæren.

MFO-leiren ligg i byen Al-Goura i Egypt, når grensa til Israel og Gazastripa.

Observatørstyrken har vore i Sinai sidan fredsavtalen mellom Israel og Egypt vart inngått i 1979.

Demonstrasjon mot Muhammed-film i Sinai

demonstrasjonar mot Muhammed-filmen i Sinai.

Foto: Mohammed Sabry / Ap

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt