Hopp til innhold

Angrep mot politistasjon i Sverige

Ein politistasjon i Växjö i Småland i Sverige blei angripe med fyrverkeri og steinar i natt. Politiet ser svært alvorleg på hendingane.

Politihuset i Växjö i Sverige

Fleire ruter blei knuste då det blei fyrt av fyrverkeri og kasta stein mot ein politistasjon i Växjö i Småland i Sverige natt til søndag.

Foto: Jan-Eric Lundberg / SVT

Fleire innbyggarar i Växjö vakna i totida i natt av kraftige smell som knuste fleire vindauge i politihuset på Dalbo i Växjö. Ifølge politiet skuldast smella at det blei brukt kraftig fyrverkeri, melder SVT.

To timar seinare blei huset angripe på nytt. Denne gongen av ein eller fleire personar som kasta stein, i tillegg til at det blei fyrt av meir fyrverkeri.

– Eg ser svært alvorleg på det som har skjedd. Det er eit angrep både på eigedommen vår og personellet vårt, seier områdesjef i politiet, Jonas Eek til SVT Nyheter Småland.

Leitar etter gjerningsmenn

Politiet arbeider no med å gå igjennom opplysningar som har kome inn frå vitne, og gå gjennom materiale frå overvakingskamera i området, seier pressetalsmann i politiet, Calle Persson til Smålandsposten.

– Vi veit ikkje om det er kamera akkurat der sprengingane skjedde, men vi håper kamera har teke opp nokre gjerningsmenn.

Politistasjonen var ubemanna i natt då angrepa skjedde, og ingen skal ha kome til skade. Skadane blir i første omgang som skadeverk, og politiet har ingen mistenkte i saka.

Skudd mot politibolig i Västerås

Natt til laurdag blei det skote fleire skot mot ein bustad der ein politimann sov saman med familien sin. Ein 20 år gamal mann er sikta for å ha skote.

Foto: Per Groth/TT / NTB scanpix

Fleire angrep

Også politistasjonen i tettstaden Kinna, søraust for Göteborg, blei angripe i natt, skriv Aftonbladet. Her skal nokon ha kasta stein mot inngangsdøra. Heller ikkje her har politiet nokon mistenkte for ugjerninga.

Det har vore fleire angrep mot svensk politi den siste tida. Natt til laurdag blei det skote fleire skot mot bustaden til ein politimann i Västerås. Her blei ein 20 år gamal mann sikta for drapsforsøk laurdag kveld. Det blei skote minst tolv skot mot huset, og politiet seier at det berre var flaks at ingen blei skadde.

Inngangen til politihuset i Helsingborg etter eksplosjon

Inngangsdøra og fleire vindauge blei knuste då ei kraftig sprengladning gjekk av utanfor politistasjonen i Helsingborg i midten av oktober.

Foto: Johan Nilsson / AFP

I midten av oktober blei det også detonert ei kraftig sprengladning ved politihuset i Helsingborg. Då blei fleire vindauge og inngangsdøra knust i angrepet. Den svenske statsministeren, Stefan Löfven, kalla ugjerninga for eit angrep på det svenske demokratiet.

SISTE NYTT

Siste nytt