Hopp til innhold

Skaut mot politibustad i Sverige

Natt til laurdag blei det fyrt av fleire skot mot ein bustad i den svenske byen Västerås. Huset tilhøyrer ein politimann.

SWEDEN-ATTACK

Rikspolitisjef Dan Eliasson reiser til Västerås etter at det blei losna fleire skot mot bustaden til ein politi i byen.

Foto: ANDERS WIKLUND / AFP

Politimannen og familien hans sov då skota blei fyrte av mot huset. Ifølgje opplysningar Aftonbladet har fått blei det fyrt av over 20 skot frå eit automatvåpen. Politiet reknar angrepet som eit drapsforsøk retta mot politimannen som budde i huset.

– Vi veit at fleire skot er fyrt av mot bustaden med eit grovkalibra våpen, seier pressetalsmann Daniel Wikdahl til avisa.

To vaksne og to barn var i huset då skota blei losna. Ingen i familien blei skadd i angrepet, og dei er no flytta til ein sikra stad.

Naboar varsla

Fleire av naboane melde frå til politiet då dei høyrde skota i halv firetida i natt. Overfor Expressen fortel ein av naboane at han vakna av skotsalvane.

– Det var eit metallisk, knakande lyd som var veldig, veldig høg. Eg forstod ikkje kva det var. Eg har aldri høyrt det før, det var ein rar lyd.

Politiet har auka beredskapen etter attentatet. Men dei er førebels sparsame med kommentarar og opplysningar om mistenkte i saka, og om politimannen har vore truga tidlegare.

Politiet seier dei ser alvorleg på hendinga, og at dei reknar hendinga som eit drapsforsøk.

SISTE NYTT

Siste nytt