Ifølgje den NATO-leidde ISAF-styrken blei Dilip Joseph tatt til fange i Sarobi-distriktet aust for Kabul onsdag.
Kva som skal ha skjedd under bortføringa og redningsoperasjonen er ikkje kjent.
Det er heller ikkje kjent kva den amerikanske legen gjorde i området der han blei tatt til fange.
Redningsoperasjonen blei sett i verk på bakgrunn av etterretningsinformasjon som tyda på at legen var i akutt fare, opplyser ISAF i ei kunngjering.
– Eg er stolt over dei amerikanske og afghanske styrkane som planla, øvde på og med godt resultat utførte denne operasjonen, seier ISAF-styrkens øverstkommanderande, general John Allen.
– Takka vere dei vil dr. Joseph snart få kome heim til familien sin, held han fram.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: