NRK Meny
Normal

«Krokodilla» er den nye presidenten i Zimbabwe

Emmerson Mnangagwa lovar å setje ein stoppar for korrupsjonen i landet. Det sa han då han til stor jubel vart innsett som ny president i Zimbabwe.

Emmerson Mnangagwa

NY PRESIDENT: Emmerson Mnangagwa vert den andre leiaren i Zimbabwe etter at landet vart sjølvstendig i 1980.

Foto: Ben Curtis / AP

Folk røyste seg, dei klappa og ropte då Mnangagwa kom gåande inn på stadion. Han løfta knyttneven i været, og folkemengda braut ut i song.

Titusenvis av menneske har møtt fram for å følgje innsettinga av den nye presidenten. I løpet av natta har bussar køyrd folk til arenaen, som har plass til 60.000 menneske.

Under innsettinga lova Mnangagwa å vere trufast mot landet og å overhalde grunnlova. Han lova også at det skal vere demokratiske val som planlagt neste år, og erklærte at landet no fornyar seg, etter 37 år med Robert Mugabe.

Han sa også at han ønskjer å leggje til rette for økonomisk vekst i landet, og at dette vil skape fleire arbeidsplassar.

Innsetting av Emmerson Mnangagwa

JUBEL: Fleire tusen menneske har kome til idrettsarenaen for å følgje innsettingsseremonien.

Foto: Mike Hutchings / Reuters

Lovar ny start

Mnangagwa tek over som president etter Robert Mugabe, som har styrt det afrikanske landet i 37 år. Då Mugabe valde å avsette Mnangagwa som visepresident, greip militæret inn, og Mugabe måtte gå av. Dette utløyste full jubel i gatene i Harare.

Emmerson Mnangagwa

Påtroppande president Emmerson Mnangagwa takka hæren då han talte til ei jublande folkemengde onsdag denne veka.

Foto: Marco Longari / AFP

I ei tale til folket tidlegare denne veka snakka Mnangagwa om «eit nytt og utvida fullt demokrati», sjølv om kritikarar seier at han kom til makta ved det som eigentleg var eit militærkupp.

Den tidlegare visepresidenten har fått kallenamnet «Krokodilla», fordi han er så grufull og omsynslaus. Han er skulda for å stå bak etnisk reinsing utført av hæren på 1980-talet, og valdsbølgja under valet i 2008, då Mugabe stod i fare for å tape.

– Mugabe er trygg

Torsdag skal Mnangagwa ha snakka med Mugabe, og forsikra han om at både han og familien hans er trygge i Zimbabwe, melder den statseigde avisa Herald.

Stateleg fjernsyn har på førehand ymta om at Mugabe kjem til å vere til stades under innsettinga av den nye presidenten. Men ifølgje avisa er begge mennene samde om at Mugabe treng kvile etter hektiske dagar, og at han derfor ikkje kom til å delta på seremonien.

Band spelar un der innsettinga av Mnangagwa

FESTDAG: Korpset dansar og spelar medan dei ventar på innsettinga av Mnangagwa.

Foto: Ben Curtis / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt