NRK Meny
Normal

Var dette det fattigaste presidentparet i verda?

Grace Mugabe sa i 2014 at mannen hennar, Robert Mugabe, truleg var den fattigaste presidenten i verda. Ifølgje andre kjelder har han ein formue på rundt åtte milliardar kroner.

Robert og Grace Mugabe.

Skal vi tru Grace Mugabe, så var Robert Mugabe den fattigaste presidenten i verda. Andre er ikkje like sikre på akkurat det.

Foto: Jekesai Njikizana / AFP

Ifølgje meldingar frå Harare har Robert Mugabe forhandla seg fram til ei ordning der han og familien ikkje kan straffast, og at familieformuen ikkje skal røyvast. Dette er ikkje offisielt stadfesta.

Grace Mugabe, som sjølv går under namnet «First Shopper» eller «Gucci Grace» i heimlandet, snakka om den påståtte formuen til ektemannen under ei samkome med vener på hennar eigen private eigedom Mozowe nord for Harare for tre år sidan.

– Bad aldri om pengar

Ifølgje den britiske avisa The Guardian stod ho med god utsikt til dei mellom 30 og 40 luksushusa ho har bygd på eigedomen, då ho sa dette om mannen sin.

– Vi er velsigna over å ha Baba Mugabe. Han er den fattigaste presidenten i verda. Eg har aldri sett han bede om pengar frå nokon, sa ho blant anna.

Robert Mugabe.

Robert Mugabe likte å framstille seg som ein mann av folket, men har sikra seg og familien godt økonomisk.

Foto: Philimon Bulawayo / Reuters

Akkurat det siste har nok Grace Mugabe rett i. Mannen som styrte Zimbabwe med jernhand i 37 år har nok aldri bede nokon om pengar, men det er mykje som tyder på at han har forsynt seg av det han ville ha, utan å spørje.

Robert Mugabe har likt å framstille seg sjølv som ein folkets mann, som ikkje har levd overdådig og som har budd i, etter normal presidentstandard i Afrika, i ein enkel presidentbustad i Harare.

Folk som har vore inne presidentbustaden, som på folkemunne blir kalla Blue Roof Villa, kan fortelje ei anna historie. The Guardian skriv om at då dottera Bona heldt bryllaupet sitt i presidentbustaden, fekk fotografane berre ta bilete frå ein stad der hovudhuset ikkje viste i bakgrunnen.

Omfattande nasjonalisering

Det har vore ein vanskeleg jobb å kartleggje formuen til Mugabe-familien, men fleire kjelder opererer med rundt ein milliard dollar, altså rundt åtte milliardar norske kroner. Investeringane i utlandet er vanskelege å spore, men det skal vere snakk om alt frå hemmelege kontoar i Sveits, dei britiske kanaløyane og Bahamas til slott i Skottland.

Feiring til soloppgang i Zimbabwe.

Desse kvinnene var blant dei mange som feira Mugabes avgang heilt til sola stod opp onsdag morgon.

Foto: Mike Hutchings / Reuters

I 2000 nasjonaliserte Mugabe alle dei store gardsbruka som vart drivne av kvite farmarar. Han sa at han ville gi jorda til dei fattige, men dette skjedde ikkje. Tvert imot hamna dei verdfulle eigedomane hos Mugabe-familien eller deira støttespelarar.

Før nasjonaliseringa var Zimbabwe ein stor matvareeksportør. No er ikkje landet ein gong i stand til å brødfø sine eigne innbyggjarar.

Omega Dairy Farm var ein av dei største og mest veldrivne storgardane i det sørlege Afrika. No er garden i Mugabe-familien sitt eige. Det blir også fortalt at dei eig 14 andre større gardar i Zimbabwe, og at fleire av dei blir nytta som private feriestader.

Det er også mange rapportar om at familien har skaffa seg dyre eigedomar i Hongkong, Malaysia, Singapore og Dubai.

Mugabes håndlanger

Mugabe har gått av – jubel i Zimbabwe

Shopping og gullgruver

Det er også mange historier om Grace Mugabe. Ho nektar for det sjølv, men det blir fortalt at ho har ei enorm samling av dyre designersko, og at ho brukte 600.000 kroner på ein einaste shoppingrunde i Paris.

Eunice er ei av mange som feirar i Harare.

Eunice fortel at Grace Mugabe stal ein eigardel ho hadde i ei gullgruve i landet. No håpar ho å få verdiane sine tilbake.

Foto: Sverre Tom Radøy / NRK

Skosamlinga hennar er nok ikkje i klasse med den eks-. presidentfrue i Filippinane, Imelda Marcos, hadde, men likevel monaleg stor. Då Mugabe-paret skulle feire 20 års bryllaupsdag, så bestilte ho like godt ein diamantring til 1,35 millionar dollar, rundt 11 millionar kroner.

NRKs Afrika-korrespondent Sverre Tom Radøy var i Harare under feiringa av Mugabes avgang tysdag denne veka. Under feiringa ute i gatene møtte han Eunice, som fortalde at ho eigde ein del av ei gullgruve i landet, og at Grace Mugabe regelrett hadde stole denne eigardelen frå henne.

No har ho eit reelt håp om å få eigedomen sin tilbake.

– Tek det ho vil ha

Det blir sagt om Grace Mugabe at når ho ser noko ho gjerne vil ha, så finn ho ein måte å skaffe det på. Som då ho fann ut av sonen hennar frå første ekteskap hadde bruk for ein gard.

Grace Mugabe.

«The First Shopper» og «Gucci Grace» er to av tilnamna til den no avsette førstedama i Zimbabwe, Grace Mugabe.

Foto: Zinyange Auntony / AFP

Farmen var eigd av ein dommar, men Grace Mugabe skal ha gitt han ordre om å gi han frå seg. Dommaren nekta og gjekk til retten for å prøve saka. Men det viste seg at ingen rettsinstans i landet ville ta saka.

Også den yngre delen av Mugabe-familien har kome i søkjelyset for ekstravagant livsførsel. Den yngste sonen til presidentparet, Bellarmine Chatunga, la ut eit bilete av klokka si, eit ur til rundt ein halv million kroner, på Instagram med følgjande tekst:

«$60.000 on the wrist when your daddy run the whole country ya know».

Denne posten blei seinare fjerna, men kort tid etter vart det lagt ut ein video der 21-åringen dynka den same klokka i Armand de Brignac gold champagne, som kostar godt og vel 3000 kroner pr. flaske.

Wikileaks har offentleggjort eit stort materiale frå amerikanske diplomatar, der Zimbabwe blant anna blir kalla eit «kleptokrati».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt