Hopp til innhold

Mugabe er borte - Zimbabwe i festrus

HARARE (NRK): Hovudstaden Harare i Zimbabwe er i festrus i kveld. Det er fullt kaos i trafikken, og folk dansar og syng i alle gatekryss.

Feiring i Harare.

Jubel og glede framfor parlamentet i Harare i kveld. Heile byen er i festrus etter at Robert Mugabe gjekk av tidlegare i dag.

Foto: Mujahid Safodien / AFP

Soldatane er dei mest populære menneska i heile Zimbabwe i dag. Og mest populær er hærsjefen, Constantino Chiwenga. Det var han som sette i verk kuppet, som førde til at 93 år gamle Robert Mugabe i dag endeleg steig ned frå presidenttrona .

Der har den gamle revolusjonshelten sete trygt i over 30 år, trass i folkeleg motstand og ein stadig sterkare opposisjon.

– Ingen tradisjon for feiring

Feiring i Harare.

Soldatane er dei mest populære i gatene i Harare i kveld. Hæren for hovudæra for at Mugabe no har gått av.

Foto: Sverre Tom Radøy / NRK

No er dette gløymt. I kveld dansar og festar innbyggjarane på kvart gatekryss i Harare. Dei samlar seg ikkje på ein stad, slik det er vanleg mange andre stader når noko skal feirast, dei har spreidd seg godt utover heile hovudstaden.

– Vi samlar oss ikkje på ein spesiell stad, det kjem av at vi ikkje har nokon tradisjon for å feire, seier ein mann vi snakkar med.

Bilar køyrer fram og tilbake, det blir tuta i hornet, folk heng ut av vindauga, jublar og viftar med flagg. På gatehjørna ser vi folk som omfamnar soldatar. Soldatane skålar med dei forbipasserande og syng soldatsongen «Når soldatane regjerer».

– Grace Mugabe stal frå meg

Ei av dei mange feirande er Eunice. Ho fortel oss at det viktigaste for henne er å feire at Grace Mugabe ikkje lenger har ein maktposisjon i landet.

Eunice er ei av mange som feirar i Harare.

– Grace Mugabe stal frå meg, seier Eunice. No er ho glad for at presidentfrua ikkje lenger har noko makt i landet.

Foto: Sverre Tom Radøy / NRK

– Eg eigde ein del av ei gullgruve, men Grace Mugabe stal det frå meg. Eg har vore over 20 gonger i regjeringsbygningen for å prøve å få aksjane mine tilbake, men utan resultat. No håper eg på rettferd, seier ho.

Glede i Harare.

Det er mykje glede i gatene i Harare i kveld

Foto: Jekesai Njikizana / AFP

Det er vanskeleg å seie kor mange som er ute i gatene i Harare i kveld, men det er mange. Vi høyrer fleire hundre tusen, men det er vanskeleg å seie sidan folk er spreidde over eit så stort område.

Stemninga er euforisk.

Robert Mugabe: Presidenten som klamret seg til makten

– Håper på eit nytt Zimbabwe

Vi ser menn som dansar breikdans, kvinner som syng og born med tårer i auga.

Tinsashe Ohakanetsa er berre 18 år gammal, men har fått ny tru på framtida til heimlandet.

– Eg er så lukkeleg for at Mugabe er borte. No håper eg på eit nytt Zimbabwe som blir styrt av folket, seier han.

Zimbabwes president Robert Mugabe har levert eit brev til parlamentsformannen der han formelt går av som president

VIDEO: Slik feira innbyggjarane i Harare i kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt